Båtar i hamna

Næringsfond for ungdom

Næringsfond

Næringsfond for ungdom (NFU) i Flora Kommune har eksistert sidan 2006 og har eit eige styre beståande av representantar frå næringslivet, kommunen, politikarar og frå Ungdommens Bystyre.

Styret består no av Karianne Torvanger som leiar.Terje Andersen, UB har 2 representantar. Fram Flora ved Allan Madsen er sekretæriat for fondet. 

NFU ønskjer å legge tilrette for oppretting av nye arbeidsplassar, og vise at Flora kommune er næringsvennleg for ungdom.

Målgruppa for fondet har vert ungdom frå 18 opp til 35 år, men ein har og gjeve ei symbolsk støtte til ungdomsbedrifter med gode idear. NFU har fungert særs godt og har løyvd fleire tilskot til ungdom som har ein forretningsidé.
 
Som døme kan ein trekke fram:

Espen Lothe og Kinn Bryggeri
Aud Norunn Vig og Grønne Fingre
Oda Valle og Odina Design
Go fot salong og Pailin Kahmhan
 
NFU har fått tilbakemeldingar frå dei som har fått støtte frå fondet om at løyvinga frå NFU har vert viktig då ein i startgropa har lite kapital og trong for å utvikle ein forretningsplan, avdekke behov i marknaden, marknadsføring eller rådgjeving i form av anna kompetanse enn den ein sjølv har.
 
Ein ser at fleire unge menneske vågar og ønskjer å starte eiga verksemd og det er viktig med eit fond som kan gje dei tidleg drahjelp i form av litt økonomisk støtte. NFU trur at fokuset på entreprenørskap i skulen er noko av årsaka til at fleire unge startar for seg sjølv og vi ønskjer å støtte denne satsinga med å gje gründerspirane økonomisk drahjelp.
 
Næringsfond for ungdom har også støtta gründercamp for ungdom ved Flora VGS
 
Fondet disponerar årleg kr 50 000.
 
Har DU en idè du har lyst å realisere??

Ta kontakt med oss! 
 
Her finn du veiledning for søknad til Næringsfond for ungdom.
 
Karianne Torvanger, styreleiar.
kontaktinfo: karianne.torvanger@sfj.no.

Terje Andersen, styremedlem.
kontaktinfo: terje@tokokker.as.

Allan Madsen, Fram Flora.
Kontaktinfo: Allan@ framflora.no.