Seglbåt med jente

Nasjonal tilskotsordning for inkludering av barn i låginntektsfamiliar

I regjeringa sitt forslag til Statsbudsjett for 2019 er det sett av 291,985 millionar kroner til "Nasjonal tilskuddsordning for inkludering av barn i lavinntektsfamilier". Bufdir lyser no ut midlane med forbehold om Stortinget sitt endelege budsjettvedtak.

Målet er å motverke eller dempe konsekvensar av fattigdom blant barn og ungdom. Målgruppa for ordninga er barn og unge påverka av fattigdomsproblem.

Offentlege instansar, private aktørar og frivillige organisasjonar kan søkje om støtte.

Søknadsfrist er 10. desember. Søknadsskjema finn du i søknadsportalen til Bufdir.