Båtar på hamna

Nasjonal tilskotsordning mot barnefattigdom - søk midlar!

Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (Bufdir) har 178,4 millionar kroner i barnefattigdomsmidlar som skal fordelast. Søknadsfrist 2. desember 2016.

Føremål

Formålet med tilskuddsordninga er å motvirke fattigdomsutfordringar blant barn og ungdom. Tilskotsordninga skal vere eit verkemiddel for å betre sjansane for at fleire barn og ungdom skal få delta på viktige sosiale arenaer, som ferie- og fritidsaktivitetar uavhengig av foreldra si inntekt og sosiale situasjon.

Målgruppe

Barn og ungdom og familiar berørt av fattigdomsutfordringar, når tiltaket rettar seg mot kultur, fritids- og ferieaktivitetar.

Kven kan søkje?

Offentlege instansar, private aktørar og frivillige organisasjonar kan søke om midlar. Søknadane skal sendast til dei respektive kommunane tiltaka høyrer heime under.

Kor søkjer vi og når er søknadsfristen?

Alle søknadar skal sendast Bufdir via Altinn innan fristen 2. desember 2016. Lenke til søknadsskjema finner du på Bufdir sine nettsider.

Flora kommune mottek innkomne søknadar samla frå Bufdir, gjer ein administrativ og politisk vurdering og prioritering av alle innkomne søknadar på grunnlag av kommunen sine konkrete mål for barne- og ungdomsarbeidet og på bakgrunn av definerte levekårsutfordringar. Bufdir har som mål om å være klar med fordelinga av fattigdomsmidlane i slutten av mars 2017.

Sjå Bufdir si nettside for meir info, regelverk, veiledar og lenke til søknadskjema i Altinn.

Kontaktperson for Flora kommune er Trude Gulbrandson, e-post: trude.gulbranson@flora.kommune.no.