hamnebasseng langt
Stengt veg

No startar anleggsarbeidet på Brandsøyvegen

17. november vert Brandsøyvegen, Fv 548, stengt for gjennomkøyring mellom vegkrysset Nybøvegen/Brandsøyvegen og vegkrysset Krokavegen/Brandsøyvegen mot Solheim

I november/ desember 2014 blir det anleggsoppstart på Brandsøyvegen Fv. 548 i Florø. Då startar bygginga av nytt fortau langs nordsida av vegen.
Det neste året vil det bli endringar i køyremønsteret til dei som bur og ferdast i området, men resultatet skal bli ein sikker og god veg for alle trafikantar, noko som i første rekke er målet med dette prosjektet.
Det andre målet er at SFE får sikra straumforsyninga i Florø ved å legge ned ny straumkabel for framtidig hovudforsyning til Florø.
Vidare får Flora kommune oppgradert sine VA anlegg og samla alt utslepp langs vegstrekka, noko som er eit positivt miljøretta tiltak. 

Arbeidet på Brandsøyvegen skal skje i tre fasar. Første fase startar ved vegkrysset til Nybøvegen. Vegopning er forventa vinteren 2015/ 2016, med ferdigstilling av prosjektet våren 2016.

​Vegprosjektet er eit samarbeidsprosjekt mellom SFE, Sogn og Fjordane f ylkeskommune og Flora kommune.

Les meir om prosjektet i denne informasjonsfaldaren.