Skulestart

Vaksenopplæringa

Vaksenopplæringa held til på innvandrarsenteret og gir tilbod om opplæring i norsk med samfunnskunnskap. Høgste nivå er Norskprøve 3.
elever1.jpg
Asylsøkjarar som ventar på svar på søknaden sin frå UDI har eit frivillig tilbod om inntil 250 timar norskopplæring. Denne opplæringa blir avslutta når det ligg føre eit endeleg negativt vedtak.
Flykningar som er busett i kommunen skal gjennom eit obligatorisk introduksjonsprogram få tilbod om norsk og samfunnsfagundervisning over to år.

Arbeidsinnvandrarar og andre som ikkje har flykningbakgrunn, får også tilbod om norskundervisning ved Innvandrarsenteret.

Nybegynnargrupper blir primært sette i gang i august, oktober, januar og mars. Oppstart av nye grupper er avhenging av kor mange nye elevar som melder si interesse.

Grunnskuleklasse
Innvandrarsenteret tilbyr grunnskuleundervisning for innvandrarar i alderen 16 - 24 år, og som manglar slik utdanning frå heimlandet. Undervisninga vert gjennomført i samarbeid med Flora vidaregåande skule. Elevopptak skjer berre i august. 

Vaksenopplæringa har frå august 2014 inngått ein samarbeidsavtale med NAFO (Nasjonalt senter for flerkulturell opplæring), og har dermed blitt ein av NAFO sine fokusverksemder. Les meir om NAFO på deira heimesider.

Klasserom.jpg

Kveldsundervisning
Innvandrarsenteret kan arrangere kveldsundervisning i norsk med samfunnskunnskap på oppdrag. Dette er undervisning som er tilpassa dei som er i arbeid.

For meir informasjon og svar på spørsmål, ta kontakt med rektor Siri Søreide Jansen på e-post sirisoreide.jansen@flora.kommune.no.