Skulestart

Norskopplæring

Norskopplæring
Elevar ved norskopplæring i Flora.

Opplæring i norsk språk, samfunnsfag og kultur.

Vi tilbyr kurs på ulike nivå, frå nybegynnar til B1-nivå (B2 dersom det er nok deltakarar). Vi har undervisning både på dagtid og kveldstid.

To gongar i året arrangerer vi norskprøver (juni og desember) på alle nivå, frå A1-B2, skriftleg og munnleg.

Dei ordinære norskkursa har stort sett undervisning mandag til fredag kl. 08:45 – 12:15. Etter lunsj har introduksjonsdeltakarane andre fag/studietid.

Arbeidsinnvandrarar og andre som ikkje har flyktningbakgrunn får også tilbod om norskundervisning ved Innvandrarsenteret.

Opplæringa er gratis for dei med rett og plikt til opplæring.
Les meir: Kven har rett og plikt til opplæring i norsk og samfunnskunnskap?

Arbeidsinnvandrarar må betale for undervisninga.

Kursa skal avsluttast med norskprøver som kan brukast som dokumentasjon til vidare skulegong og arbeidssøkjing.

For meir informasjon og svar på spørsmål, ta kontakt med rektor Siri Søreide Jansen på epost: sirisoreide.jansen@flora.kommune.no.