Seglebåt med jente

Ny allmenn taksering av fast eigedom i Flora kommune

OMTAKSERING AV EIGEDOMAR
Flora bystyre har vedteke at det i løpet av 2016 skal gjennomførast omtaksering av alle eigedomar som får utskrive eigedomsskatt i kommunen. Ny takst vil danne grunnlag for utskriving av eigedomsskatt frå og med 2017.

Omtaksering kan gjennomførast kvart 10. år. Siste allmenne taksering var i 2006. Bygg som er oppført i perioden frå 2006 til i dag er taksert med utgangspunkt i verdinivået for 2006. Verdiane på dei fleste eigedomane har endra seg mykje etter dette. Storleiken på verdiendringa varierer frå eigedom til eigedom. Hovudføremålet med taksten er å fange opp verdiendringane som har skjedd sidan 2006. Nye takstar medfører meir rettferdig fordeling av eigedomsskatten og gir kommunen høve til å endre inntektene frå eigedomsskatt.

I samband med takseringa vil kommunen ha synfaring på eigedomane. Det vert teke omsyn til byggeår og standard på skatteobjektet når taksten vert fastsett.

Ny takst og resultatet av takseringa vert lagt ut til offentleg ettersyn vinteren 2017. Det vert sendt informasjon om taksten på eigedomen og eigedomsskatten som skal betalast. Samtidig vert det orientert om kva rettar ein har til å klage på takst eller skatt.


EIGEDOMSSKATT
Eigedomsskatten er den einaste skatten som kommunen sjølv har styring med, og der alle skatteinntektene tilfell kommunen. Eigedomsskatten vert brukt til å finansiere dei kommunale tenestene. Skatten vert kravd inn fire gonger i året saman med dei kommunale eigedomsgebyra.

Verdien på eigedomen danner grunnlaget for skatteberekninga. Taksten kommunen no set i gang, skal spegle marknadsverdien slik det står i lov om eigedomsskatt til kommunane, § 8 A-2:

”Verdet av eigedomen skal setjast til det beløp ein må gå ut frå at eigedomen etter si innretning, brukseigenskap og lokalisering kan bli avhenda for under vanlege salstilhøve ved fritt sal.”

Skattesatsen kan setjast til mellom 2 og 7 promille av eigedomstaksten. Skattegrunnlaget er oppført på fakturaen frå Flora kommune.

Denne taksten har ingenting med likningstaksten å gjere! Taksten kan berre nyttast til utrekning av eigedomsskatt. Likningsmyndigheitene har ikkje heimel til å nytte denne taksten ved fastsetjing av inntekts- og formueskatt til stat eller kommune.


TAKSERING
Skattetaksten byggjer på faktaopplysningar og skjønnsmessige vurderingar.

Faktaopplysningar om adresser, areal på bygningar og tomter vert henta frå offentlege dataregister. Gjennom desse registera har vi oversikt over omsette eigedomar. (Hovudkjelde: Matrikkelen). Dei spesielle forholda vil bli oppdaga ved synfaring av kvar enkelt eigedom.

Synfaringa vil skje i løpet av 2016.

RÅDMANNEN