Båtar i havnebassenget

Ny brunsnigleaksjon frå torsdag 28. september!

Det er tid for ny snigleaksjon. Denne gongen deler vi ut ferdig blanda snigleåte med Nemaslug til dei som bur i Florø, Brandsøy og Eikefjord, og mellom desse plassane.

Kva gjer du, og kor tid skjer det?

Vi køyrer rundt med blandinga slik at du kan hente ved dei ulike stoppestadane med eigen behaldar. Stoppestadene vil vere i gåavstand frå dei mest tett befolka områda, så la bilen stå. Oversikt med stoppa kjem snarast.

Vi startar det heile komande torsdag (28. september) og held fram påfølgjande laurdag til vi er ferdige.

Ikkje gratis

Det kostar 20 kroner per husstand å delta og desse pengane vert gåver til skuleklassar, klubbar og organisasjonar som ynskjer å delta i aksjonen. Desse må ta kontakt med miljørådgjevar Kaja Standal Moen (tlf. 97142112) for å få tildelt områder dei kan legge ut åte på. 

Du kan betale kontant når vi kjem eller nytte Vipps.

Stoppestader

Kart over stoppestadar vert publisert her så snart det er klart. Vi startar kl.16:30 torsdagen og held fram påfølgjande laurdag til vi er ferdige. Sidan det er fyrste gong vi gjer dette, kan vi ikkje gje noko eksakt tidspunkt for når vi vil vere på dei ulike stadane, men aksjonen startar altså torsdag klokka 16:30 i Hamregata. 

Vi fortset til Havreneset så til Kinnvegen, Krokane, Brandsøy og innover mot Eikefjorden. Vi har til saman 21 stoppestadar og reknar med å bruke mellom 15 og 30 minutt på kvar plass. Vi avsluttar når det mørknar torsdagen og fortset laurdag morgon.

Det vert lagt ut informasjon fortløpande Facebook-eventen om kvar vi er til ei kvar tid, så følg med der for oppdateringar!

Følg med på Facebook for oppdateringar!