Båtar på hamna

Ny kunnskap om levekår i Sogn og Fjordane

Tre av fire i Sogn og Fjordane meiner sjølve dei har god eller svært god helse. Men berre litt over 30 prosent er fysisk aktive i minst 30 minutt kvar dag, og 12 prosent kjenner seg einsame.

Dette er nokre av resultata frå fylkeshelseundersøkinga som vart gjennomført i Sogn og Fjordane våren 2019. Heile 9149 personar, 45,4 prosent av dei inviterte, har delteke i undersøkinga, noko som betyr at vi har eit omfattande datagrunnlag for å kartlegge levekår og livskvalitet hjå vaksenpopulasjonen i fylket.

Meir informasjon finn du på Sogn og Fjordane fylkeskommune si heimeside.