Båtar på hamna

Ny strikkekafé på biblioteket

Vi gjentek suksessen frå sist månad. Ta med strikketøy eller berre kom og bli inspirert på biblioteket laurdag 5. mars.

Målet er at eldre og yngre kan møtast for å strikke.

To laurdagar i februar og mars arrangerer Florø husflidslag strikkekafé på Flora folkebiblieotek i samarbeid med Den kulturelle spaserstokken i kommunen. Kanskje har du noko å lære bort, eller kanskje du ønskjer å lære noko nytt? Kanskje du berre vil vere sosial og hygge deg?

Ta med strikketøy eller berre kom og bli inspirert. Biblioteket har kjøpt inn nye strikkebøker, og vi har litt garn til utdeling for dei som ikkje har.

I kaféen får du kjøpt kaffi og litt godt å bite i.

Arrangementet er i opningstida til biblioteket, dvs frå kl. 11.00 til 14.00.

Sjå også informasjon på Florø husflidslag si side.