Båtar på hamna

Nye Kinn kommune - Toppleiarstillingar: Assisterande rådmann, kommunalsjefar

Vil du du bli ein del av leiinga i Noregs mest spennande kommune? Då har vi fleire gode moglegheiter for deg!

Vi søker etter:

  • Assisterande rådmann, kontorstad Florø og Måløy
  • Kommunalsjef for samfunn, kultur og miljø, kontorstad Måløy
  • Kommunalsjef for innovasjon og utvikling, kontorstad Måløy

Frist for å søkje er 19. oktober 2018! Fullstendig utlysingstekst og meir informasjon finn du på www.kinn.kommune.no.

Kinn kommune har i media blitt omtala som "Noregs raraste kommune". Det er sant at Flora og Vågsøy ikkje delar kommunegrense, men vi ser ikkje på dette som noko hindring. Tvert i mot! Med glød i auga ser vi mot framtida og moglegheitene som ligg der. Dette krev nytenking og ein stor grad av innovasjon. Vi har ein sterk vilje og er stadig søkande mot "den neste praksis".

Kinn blir den åttande største kommunen i nye Vestland fylke med våre 17.500 innbyggjarar. Som arbeidsgjevar har vi 1.600 tilsette og eit mål om "tidenes kompetanseløft". 
Kinn er ein kommune med delt kommunesenter. Det betyr at vi har lik fordeling av toppleiarstillingar mellom Måløy og Florø.

I lag skal vi danne ein av Noregs mest framtidsretta kommunar – bli med oss!