Ytteroyane

Offentleg ettersyn: Detaljreguleringsplan for Djupedalen/Solheimstranda

I samsvar med plan- og bygningslova § 12-10 blir Detaljreguleringsplan for Djupedalen – Solheimstranda, veg/fortau, planid 20190103 lagd ut til høyring og offentleg ettersyn etter første gongs behandling i Plan- og samfunnsutvalet 12.11.2019, sak 037/19.

Føremålet med planarbeidet er fysisk tilrettelegging for gåande og syklande langs fv. 5704 Brandsøyvegen mot sentrum av Florø for å legge til rette for betre trafikktryggleik for gåande og syklande. Opparbeiding av fortau og stadvis utbetring av vegen vil gjere det meir attraktivt for mjuke trafikantar å ferdast langs Brandsøyvegen. Samfunnsmålet for planen er trygg framkomst for gåande og syklande, og tiltaket er ein del av Kommunedelplan for sykkel. 

Reguleringa er i samsvar med gjeldande kommunedelplan for Florelandet-Brandsøy 2006-2018.

Oversikt over saksdokumenta finst i saksframlegget. Vurdering av innkomne merknader ved oppstart går fram av planomtale og saksutgreiing. Nedanfor finn de oversikt over dokument i saka.

Planframlegget ligg tilgjengleg for ettersyn i perioden 22.11.2019 - 22.01.2020.

Merknader til reguleringsarbeidet kan rettast til Flora kommune på e-skjema, til postmottak@flora.kommune.no eller Markegata 51, 6905 Florø innan 22.01.2020.

Plandokument