Skulestart Florø barneskole

Offentleg ettersyn: Detaljreguleringsplan Hovland, Eikefjord

Privat detaljreguleringsplan Hovland, Eikefjord, del av gbnr 53/10, bustad -  planID 20100107.

Plan- og samfunnsutvalet har i saknr. 008/19 godkjent at framlegg til Privat detaljreguleringsplan Hovland, Eikefjord, del av gbnr 53/10, bustad -  planID 20100107 vert utlagt til nytt offentleg ettersyn i samsvar med reglane i Plan-og bygningslova § 12-10. Planframlegget er også tilgjengeleg for gjennomsyn på Informasjon og service, Flora samfunnshus i tidsrommet 05.04.- 20.05.2019.

Førmålet med reguleringa er å leggje til rette for inntil to bueiningar på del av gbnr 53/10.

Eventuelle merknader/innspel kan sendast til kommunen på elektronisk-høyringsskjema. De kan og sende merknader/innspel i post til Flora kommune, plan og samfunn, Markegata 51, 6905 Florø, eller via epost til postmottak@flora.kommune.no, innan 20.05.2019.

Vedlegg