Seglebåt med jente

Offentleg ettersyn: Detaljreguleringsplan Sørstrand

Plan- og samfunnsutvalet har i sak 022/17 godkjend at framlegg til «Detaljreguleringsplan Sørstrand, friluftsområde/veg, planid 20100109» vert utlagt til offentleg ettersyn i samsvar med reglane i plan- og bygningslova.

Planen legg til rette for opparbeiding av stiar, servicebygg og aktivitetsområde innanfor friluftsområdet, samt utbetring av Vågavegen og Sørstrandvegen for å betre trafikktryggleiken. Planarbeidet utløyser ikkje krav om konsekvensutgreiing.

Planframlegget er tilgjengeleg for gjennomsyn på Informasjon og service, Flora samfunnshus i tidsrommet 30.06.- 01.09.2017.

Eventuelle merknader/innspel kan sendast til kommunen på elektronisk-høyringsskjema. De kan og sende merknader/innspel i post til Flora kommune, plan og samfunn, Markegata 51, 6905 Florø, eller via e-post til postmottak@flora.kommune.no, innan 01.09.2017.

Dokument