Skulestart Florø barneskole

Offentleg ettersyn: Kommuneplanen sin samfunnsdel

Vedlagt følgjer planprogram for Flora kommune, Kommuneplanen sin samfunnsdel 2016 – 2020, på offentleg høyring jmf. pbl. §  11-13  i perioden 2. desember 2015 til 15. januar 2016.

Bystyret i Flora kommune har vald å slå saman prosessen med kommuneplanen sin samfunnsdel og kommunal planstrategi, jmf. Pbl. §10-1, fjerde avsnitt. Dette inneber i praksis at planstrategien vil bli utarbeidd saman med kommuneplanen sin samfunnsdel og at krava til medverknad vil bli teke i vare som ein del av prosessen som samfunnsdelen. Planstrategien og samfunnsdelen vil komme samtidig på høyring i tråd med framdriftsplanen som ligg inne i planprogrammet for samfunnsdelen.

Frist for innsending av merknad er: 15. januar 2016.

Merknadar til planprogrammet kan sendast via vårt elektroniske skjema for høyringsfråsegn

Elles kan fråsegn sendast til e-post: postmottak@flora.kommune.no. Eller til adresse: Flora kommune, Markegata 51, 6900 FLORØ.

Vedlegg: