Båtar på hamna

Offentleg ettersyn: Privat detaljreguleringsplan Evja

I samsvar med plan- og bygningslova § 12-10 blir «Privat detaljreguleringsplan Evja - Planid 20180101» lagd ut til høyring og offentleg ettersyn etter første gongs behandling i plan- og samfunnsutvalet 29.08.2018, sak 035/18.

Føremålet med planen er å legge til rette for ny Coop-butikk på Evja, gbnr 202/456. Planen avklarar plassering til nybygg, bygningsvolum, byggehøgder, utbetring av tilkomst frå Skudalsvegen (Rv 5) og tilrettelegging av tilhøyrande uteareal og anlegg. Reguleringa er i samsvar med gjeldande arealdel til kommuneplanen. Handsaming av detaljreguleringsplanen skal samkøyrast med handsaming av rammeløyve i samsvar med plan- og bygningslova § 12-15.

Planmaterialet er tilgjengeleg for gjennomsyn i tidsrommet 05.10.-16.11.2018.

Oversikt over saksdokumenta finst i saksframlegget. Vurdering av innkomne merknader ved oppstart går fram av planomtale og saksutgreiing. 

Merknader til reguleringsarbeidet kan rettast til Flora kommune på elektronisk skjema for høyringsuttale, til postmottak@flora.kommune.no eller Markegata 51, 6905 Florø innan 16.11.2018.

Ver vennleg å ta kontakt med Heidi Dyrøy dersom du har spørsmål, eller behov for meir informasjon.

Plandokument