Ytteroyane

Offentleg ettersyn: Privat detaljreguleringsplan GBN. 26/567 Krokane/Næring

I samsvar med plan- og bygningslova § 12-10 blir privat detaljreguleringsplan – GBN 26/567 – Krokane / Næring lagd ut til høyring og offentleg ettersyn etter første gongs behandling i plan- og samfunnsutvalet 19.09.2017, sak 33/17.

Føremålet med planarbeid er tilrettelegging for næringsaktivitet og betre utnytting av arealet for næringsverksemder. Planframlegget utløyser ikkje krav om konsekvensutgreiing. Den nye planen vil erstatte eksisterande planar for området.

Den godkjende reguleringsplanen er tilgjengeleg for gjennomsyn på informasjon og service (tenestetorget), Flora samfunnshus i tidsrommet 29.09 - 27.11.2017.

Merknader til reguleringsarbeidet kan rettast til Flora kommune på elektronisk høyringsuttale e-skjema,til postmottak@flora.kommune.no eller Markegata 51, 6905 Florø innan 27.11.2017.

Dokument