Båtar i havnebassenget

Offentleg ettersyn: Privat detaljreguleringsplan - Naustholmen

I samsvar med plan- og bygningslova § 12-10 blir «privat detaljreguleringsplan - GBN 27/86 - Naustholmen» - planid. 20160103 lagd ut til høyring og offentleg ettersyn etter første gongs behandling i Plan- og samfunnsutvalet 26.06.2017, sak 032/18.

Føremålet med planarbeidet er å regulere til industri i tilknyting til eksisterande industriareal. Planlagde reguleringsføremål er industriområde med tilkomst frå eksisterande industriområde og ferdselsareal i sjø. Reguleringa er i samsvar med gjeldande arealdel til kommuneplanen. Planmaterialet er tilgjengeleg for gjennomsyn i tidsrommet 29.06.-24.08.18.

Merknader til reguleringsarbeidet kan rettast til Flora kommune på e-skjema på denne lenka, eller sendast per post til Flora kommune, Markegata 51, 6905 Florø.

Ta kontakt med Heidi Dyrøy for spørsmål eller meir informasjon.

Plandokument