Seglbåt med jente

Offentleg ettersyn: Reguleringsendring på Færøykavlen

iVest Consult har på vegne av Flora kommune utarbeidd søknad om reguleringsendring for reguleringsplan for Færøykavlen i samsvar med pbl §12-14, 2. avsnitt.

Tiltakshaver er Wenche Hovden.

I eldre reguleringsplan for Færøykavlen (datert 20.02.1990) er området regulert for fritidsbygnad med 7 utleigehytter, friluftsområde langs strandlinja, samt sjøhus og båthamn ved sjøen mot sør.  Det er i dag opparbeidd 4 utleigehytter og eit vaskehus med teknisk rom innanfor område regulert for fritidsbygnad (i eldre reguleringsplan høyrde området til gbnr 27/11, men område for fritidsbygnad har seinare blitt skilt ut med eige gbnr. 27/695). Sjøhus med uteområde i sør vert nytta for bar- og restaurantdrift med servering, arrangement og liknande.

Drift av utleigehytter er no avvikla då denne ikkje lenger var inntektsgivande. Drift ved sjøhus vert vidareført og vidareutvikla. Ved reguleringsendring vil formål for fritidbygnad for utleigehytter verte endra til formål for fritidsbustad. Ved reguleringsendring vil totalt tal for fritidsbustader verte redusert frå 7 fritidsbustaderi eldre plan til 5 fritidsbustadar (4 eksisterande + 1 ny). Areal for friluftsformål vil ved endring auke frå 3,4 daa til ca. 7 daa. For areal ved sjøbu stadfestar reguleringsendring dagens situasjon og godkjente løyver.

Endringar i høve gjeldande plan

  • Plankart oppdatert i høve dagens krav
  • Føresegner utarbeidd i samsvar med dagens krav
  • Planomtale og ROS-analyse for planområdet

Endringar er vist i vedlagt plankart, føresegner, samt utgreia i planomtale m/ROS, datert 31.10.2019.

Felles prosess

Det er lagt opp til felles prosess med behandling av reguleringsendring og byggesak (frådeling) etter pbl §12-15. Det vert søkt om frådeling for BFR1 og BFR2, med eksisterande fritidsbustadar.  Då byggesak her gjeld frådeling vert det vurdert slik at plandokument innehelder nok informasjon i forhold til frådeling av tomter og at søknad om endring derfor også kan sjåast på som nabovarsling og tiltak for naboar/andre partar.

Vidare prosess

Forslag til endring av reguleringsplan for Færøykavlen vert med dette sendt på høyring i perioden 01.11-01.12.2019 før handsaming i  Flora kommune.

Vi ber om at merknader/innspel til forslag til endringar vert sendt til iVest Consult AS, Strandgata 15, 6900 Florø. Epost: post@ivestconsult.no

Høyringsfrist 2. desember 2019.

Vedlegg: