Seglbåt med jente

Offentleg ettersyn: Søknad frå Svanøy Havbruk AS om utviding av produksjon

Svanøy Havbruk AS søkjer om å ta ut vatn frå Sagevatnet i samband med søknad om utviding av produksjonen frå 0,12 til 1 million sjødyktig settefisk. Det vert søkt om eit gjennomsnittleg vassuttak på 3,6 m3/min (59 l/s) og eit høgaste månadsmiddel på 8,3 m3/min (138 l/s). Det vert og søkt om å regulere Sagevatnet 2,5 meter, mellom kote 3,5 (LRV) og kote 6 (HRV). Dei tekniske installasjonane knytt til vassuttaket er allereie etablert. Vassuttaket ved anlegget vil etter utvidinga bli moderat større enn gjeldande praksis. Det er ikkje planlagt slepp av minstevassføring.

Vedlegg:

  • Søknad frå Svanøy Havbruk AS, datert 29.04.2014
  • Elektronisk høyringsuttale innan 26.06.2014

Høyringsuttale kan sendast per e-post til nve@nve.no eller per post til:

Norges vassdrags- og energidirektorat
Postboks 5091 Majorstua
0301 Oslo

Frist for innspel er 26.06.2014.