Båtar på hamna

Offentleg høyring og ettersyn: Kommuneplanen sin samfunnsdel 2013-2016

Med heimel i plan- og bygningslova § 11-14 legg Flora kommune fram framlegg til kommuneplanen sin samfunnsdel 2013-2016.

Planframlegget er tilgjengeleg her, og den kan lesast i papirformat ved Informasjon og service på Samfunnshuset.

Perioden for offentleg ettersyn er frå 17.09.2013 - 06.11.2013. Frista er forlenga slik at det blir betre tid til å kome med innspel til planutkastet.

Skriftlege merknadar skal sendast per post til:

Flora kommune
Markegata 51
6900 FLORØ

eller på e-post til postmottak@flora.kommune.no.
 

Om planen

Planframlegget til kommuneplanen sin samfunnsdel tek stilling til dei overordna visjonane og måla til kommunen. Desse skal igjen danne grunnlaget for andre meir detaljerte planar, arealplanar, økonomiplanar, årleg handlingsprogram og budsjett. Dei ni tema som vert handsama i planen er:

• Oppvekst
• Bustader
• Næringsutvikling, verdiskaping og kompetanse
• Samferdsle og infrastruktur
• Kultur og idrett
• Helse og omsorg
• Sosial ulikskap
• Kommunen som organisasjon
• Samarbeid utanfor kommunen