Ytteroyane

Offisiell opning av Newton Flora 06.10.17

IMG_20171006_092647 copy
IMG_20171006_093339 copy
IMG_20171006_093409 copy
IMG_20171006_093441 copy
IMG_20171006_093451 copy
IMG_20171006_093519 copy
IMG_20171006_093521 copy
IMG_20171006_093537 copy
IMG_20171006_093653 copy
IMG_20171006_093747 copy
IMG_20171006_093801 copy
IMG_20171006_093822 copy
IMG_20171006_094102_1 copy
IMG_20171006_094112 copy
IMG_20171006_094403 copy
IMG_20171006_094503 copy
IMG_20171006_094820 copy
IMG_20171006_095342 copy

I dag var det offisiell opning av Newton Flora, som er ein topp moderne arena for undervisning i teknologi og realfag for barnehagar og grunnskular i Flora kommune og nabokommunane. Newton Flora skal gi eit breitt undervisningstilbod med hovudfokus på energi og havbruk.

Rommet er ein del av sponsorprogrammet til Statoil, Morgendagens helter. Undervisningskonseptet innan energi er bygd opp rundt ei spennande historie som inviterer elevane til aktiv læring. Elevar på 9. trinn får mellom anna ta i bruk dampturbinar, vasskraft, vindmøller og "berg-ogdalbane" for å lage energi. Dei må også opptre som ansvarlege miljøekspertar og utarbeide ein rapport som løyser framtidas energiutfordringar.

Flora kommune eig og driftar Newton-rommet.

Her kan du sjå ein bildeserie frå opninga av Newton Flora!

Om Newton-konseptet

Det er etablert over 30 Newton-rom i Norge. Newton-rom er ein undervisningsstad med fokus på dei naturvitenskaplege fagområda i rammeplan og læreplan. Praktisk retta undervisning i teknologisk velutstyrte lokale og fokus på djupnekunnskap skal gi barn og unge meistringskjensle og motivasjon. Konseptet er basert på delingsprinsipp, og alle Newton-rom deler undervisningsopplegg, ny kunnskap og erfaringar. Romma blir eigd og drifta av kommunar eller fylkeskommunar og all læring er forankra i læreplanen.