hamnebasseng langt

Offisiell opning av sykkelparkeringa på Florø barneskole fyrstkomande fredag

logo str

Florø barneskole, FAU og Sykkelbyen Florø inviterer elevar, føresette, lærarar og alle som har gjort dette mogleg til opning av den nye sykkelparkeringa.

Stad: Florø barneskole, ved sykkelparkeringa
Tid: Fredag 02. september, kl. 08:40

Sykkelparkeringa på Florø barneskole er den største sykkelparkeringa under tak i heile Sogn og Fjordane fylke!

Ordførar Ola Teigen klippar snora til sykkelparkeringa og det vert lett servering i skuret før skuledagen startar.