Båtar på hamna

Offisiell opning av sykkelparkeringa på Florø barneskole

IMG_7837
Opning av 240 nye sykkelparkeringsplassar på Florø barneskole. (foto: Truls Kleiven)
IMG_7736
Snart bollar og saft, men først litt talar (frå varaordførar og rektor) og nydeleg musikk frå Florø Skoles Musikkorps. (foto: Truls Kleiven)
IMG_7828
Glade barn og prosjektleiar etter snora er klippa. (foto: Truls Kleiven)

I dag vart det offisiell opning av sykkelparkeringa ved Florø barneskole. Varaordførar Jan Henrik Nygård heldt tale og erklærte sykkelparkeringsplassen for opna.

Sykkelparkeringa er den største i Sogn og Fjordane med sine 240 plassar og takoverbygg. Det vart stort oppmøte av både elevar og føresette!