Skulestart Florø barneskole

Ofte stillte spørsmål

Kvar står målaren?spørsmålstegn
Vassmålaren er vanligvis plassert ved vassinntaket på grunnplanet i huset, ofte i nærheita av vamtvassberedaren. Den skal vere plassert slik at den er lett tilgjengeleg for avlesing og skal ikkje vere byggd inn i vegg.

Korleis lese av målaren?
I brevet vi sendte med påminning om avlesing står forrige målarstand oppgjeve. Sjå korleis målarstanden står oppført her, og bruk det som mal for ny avlesing. Vi fakturerer forbruket i heile kubikkmeter ( 1kubikkmeter = 1000 liter). Dette er alle tala i telleverket som er svarte og kvite.
Begynn avlesinga frå venstre. Ta med alle tal i telleverket på svart eller kvit bakgrunn.

Kvifor må eg lese av målaren?
Har du installert vassmålar, betaler du for det du faktisk bruker. Det vil seie kor mange kubikkmeter med vatn du brukar, og kor mange kubikkmeter du belastar avlaupet med. Det er difor viktig at du har jevnleg kontroll med forbruket, slik at lekkasje kan oppdagast på eit tidleg tidspunkt.

Kva skjer visst eg ikkje les av målaren?
Leser du ikkje av målaren din vil kommunene mangle målaravlesingsdata. I slike tilfeller har vi rett til å fastsette forbruket skjønnsmessig, og sende faktura på grunnlag av det.

Eg er vekkreist når målaravlesinga skal leverast. Kva gjer eg ?
Les av før du reiser vekk eller når du kjem tilbake.På den måten får kommunene mest mogleg korrekte opplysningar om ditt forbruk, og du får ein mest mogleg korrekt faktura. Hvis registreringa på web og telefon er stengd, ring kommunen og oppgje målarstanden.

Kan eg utsette svarfristen ?
Nei, vi er avhengig av at du les av innanfor den fristen som er sett. Det er viktig at vi får inn målaravlesingane frå alle våre kunder i riktig tid, slik at ikkje fakturaproduksjonen og utsendelse vert forsinka.

Eg har tasta feil målaravlesing. Kva gjer eg no ?
Har du tasta feil, kan du logge deg inn på nytt og gjere registreringa av korrekt målarstand.

Skal nullar og desimalar registrerast ved målaravlesing ?
Vi har registrert kor mange siffer det er i telleverket på målaren som skal rapporterast - dette er oppgjeve på målarkortet og du kan også sjå på forrige avlesing som står oppgjeve på målarkortet og på web. Start avlesinga frå venstre mot høgre.

Mange overser nullar i tellerverket, men desse skal tas med. Hvis du ser nøye på målaren ser du at anten i tellarverket eller i kanten nedanfor telleverket står eit komma (,) og at talla bak anten er raude eller har raud bakgrunn. Dette er desimalar og skal ikkje rapporterast.