Skulestart Florø barneskole

Oljetankar

nedgravd oljetank[ 1]Flora bystyre vedtok den 17.02.2004 i sak 22/04 virkeområde for "Forskrift om tiltak for å motvirke fare for forurensing fra nedgravde oljetanker" i Flora kommune.

Nedgravde oljetankar
31.01.1997 kom Forskrift om tiltak for å motvirke fare for forurensing fra nedgravde oljetanker. Føremålet med forskrifta er å motverke fare for ureining av grunnen frå nedgravde tankar som ikkje er tette. Det vert gjort ved at det er stilla krav om regelmessig kontroll, og krav til oljetankane sin tilstand og kvalitet.
Flora bystyre vedtok den 17.02.2004 i sak 22/04 virkeområde for forskrifta i Flora kommune. Forskrifta gjeld:

  • For heile kommunen.
  • For alle nedgravde oljetankar over 3200 liter
  • For nedgravde oljetankar med kapasitet til å oppbevare 3200 liter olje eller mindre dersom tanken er levert etter 01.03.2004.

 Tankeigar/brukar har eit sjølvstendig ansvar for å gjennomføre regelmessige kontrollar av nedgraven oljetank i samsvar med krava i forskrifta. Kontrollrapport skal sendast kommunen. Kommunen skal føre tilsyn med at kontrollar vert gjennomført. Firma som skal utføre kontrollen skal godkjennast av kommunen.

Kommunen skal etter forskrifta etablere og ajourhalde eit register over oljetankar som forskrifta gjeld for. Registrering blir føreteke av brannvesenet samstundes som det vert ført branntilsyn. Kommunen skal ha skriftleg melding på fastsett skjema når Oljetank vert graven ned.

  • Tank blir teken ut av bruk

Andre oljetankar
I samband med branntilsyn og registrering av nedgravde oljetankar gjennomfører Flora kommune ei registrering av alle faste oljetankar i kommunen, også dei som står oppe på bakken og i tankrom. Denne registreringa føregår på eit fastsett skjema. Flora bystyre har vedteke ei forskrift som gjev kommunen heimel til å krevje desse opplysningane.

For oljetankar større enn 1100 liter er det innført ei meldeplikt når

  • tank vert teken i bruk
  • tank vert teken ut av bruk

Grunngjeving for å ha eit oppdatert oljetankregister er:

  • kjeldelokalisering i fall akutte utslepp
  • tryggleiksomsyn t.d ved brannutrykking
  • kunnskap i sakshandsaming i arealsake