Båtar i havnebassenget

Om Flora

Hamnemiljø i Florø
Hamnemiljø i Florø

Flora kommune ligg heilt ute ved kysten av Sogn og Fjordane og har om lag 12 000 innbyggjarar. Kommunen strekkjer seg frå Ålfotbreen i aust til havet i vest.

Her finn du ein skjergard med eit mylder av små og store øyer og eit innland med brusande elvar, vakre fjelltopparog stille vatn. Kommunen er eit eldorado for naturopplevingar, båtliv, jakt og fiske.

Flora er Noreg sin vestlegaste by, med bysentrum Florø. Byen vart etablert i 1860 og bygd opp på "havet sitt sølv", silda, som ein finn igjen i byvåpenet.

Byen framstår i dag som ein kombinasjon av ein sjarmerande småbyidyll og eit pulserande næringsliv i utvikling.
Her finn du eit aktivt og variert kulturliv med kulturskule og musikk-, kor- og revymiljø. Idrettshall, symjehall, fotballbaner, løkker og eit mylder av idretts- og fritidsorganisasjonar.
Flora er arena for store årlege arrangement som Fotballflora, Kinnaspel, båtmesse og kystfestival-helga Himmel og Hav, med verdas lengste sildebord. Til alle årstider byr vi på eit rikt utval av kulturtilbod som teater, revy, kino, konsertar, utstillingar og mykje meir.

Næringslivet i kommunen er eksportretta og hovednæringane er fiskeindustri, skipsbygging, forsyningsbase for oljeindustri og servicenæring. Innbyggjarane i kommunen skapar verdiar som ligg fleire gonger over landsgjennomsnittet. 

Kommunen har gode kommunikasjonar både internt med buss/båtruter og med omverda.Her er direkte flyruter til Oslo og Bergen, ekspressbåtar og ekspressbussar. Hurtigruta har og stoppestad i Florø. Det er enkelt å reise hit.

Vil du vite meir?
Her kan du sjå filmar om Flora!  Kort versjon og  Lang versjon
Velkomen til oss som gjest eller innbyggjar!