Skulestart Florø barneskole

Omsorg i heimen

Heimehjelp og heimesjukepleie vert rekna som basisen i heimetenestene, med ei rekkje tilleggstenester som kan vere med å bidra til betra livskvalitet. Mykje kan gjerast for at situasjonen i heimen skal bli enklare å meistre. Praktiske utbetringar som sklimatte i dusjen og fjerning av høge dørtersklar kan førebygge behovet for tenester. Ein tryggleiksalarm kan også vere til god hjelp om ein føler seg utrygg, eller deltaking på dagsenter for sosial omgang med andre.  I sidemenyen vil du finne opplista dei ulike tilboda som heimebuande kan søkje om.

For å få heimesjukepleie må ein bu i kommunen eller ha mellombels opphald her og ha trong for hjelp. Det er eit vilkår at ein ikkje sjølv er i stand til å ivareta personleg hygiene, byte bandasje på sår, handtere medisinske prosedyrer eller utføre andre tiltak som bestemt av lækjar. Eit vilkår kan også vere at ein ikkje har evne til å meistre kvardagen på grunn av psykisk liding.

Det vert ikkje kravd eigenbetaling for heimesjukepleie.  Heimehjelp derimot er ei betalingsteneste, og vert berekna ut frå den einskilde eller husstanden si inntekt.

Saksgangen er den same enten det er tale om heimesjukepleie eller heimehjelp. Ein fyller ut søknadskjema for omsorgstenester. Når utfylt skjema er levert, vil omsorgstenesta ta kontakt med søkjaren så fort som mogleg for å avtale heimebesøk, der behovet for hjelp vil bli kartlagt i samråd med søkjaren. Hastesaker vert tekne på telefon. Til slutt er det tildelingsnemna som fattar vedtak.

Dei heimebaserte tenstene er geografisk inndelt i tre avdelingar med fylgjande kontaktinformasjon:

Heimetenester Florø sentrum:
I ytre deler av kommunen er  basen for heimetenesta lokalisert til Furuhaugane Omsorgsenter.
Besøksadresse: Jacob Sandeveg 3, 6900 Florø.

Heimetenester Florø Vest:  Avdelingsleiar  Herdis Book.
Heimetenester Florø Aust:  Avdelingsleiar Evy Renate Bjørnset.

Heimetenesta i Eikefjord organiserer tenestene i indre del av kommunen, og har base og kontor på Allhuset i Eikefjord. Tenesta har ansvar for dagtilbod og omsorgsbustader i tillegg til heimesjukepleie og heimehjelp.

Avdelingsleiar: Evy Bjørnset  - Telefon: 5775 6950 / 480 80 555.