Skulestart Florø barneskole

Omsorgsbustader og bustadar med heildøgnsomsorg (HDO)

Kommunen disponerer omsorgsbustader fleire stadar i kommunen. Desse er tilrettelagt for pleietrengande.

Føremålet med omsorgsbustader er å gje eldre eller andre pleietrengande ein god bustad som er tilrettelagt for omfattande pleie og omsorg utanfor institusjon. Desse bustadene er tilpassa orienterings- og rørslehemma, slik at dei kan ta imot heildøgns pleie og omsorg. Heimetenestene for desse bustadene vert tildelt etter behov på individuell basis, som for andre heimebuande.

Felleskriteria for desse bustadene er at søkjaren må vere ute av stand til å skaffe seg bustad på den private marknaden, men det vil førs tbli vurdert om den eksisterande bustaden kan leggast til rette med hjelpemiddel. Pleie og omsorgsbehovet må på førehand ha ein varig karakter, og praktisk bistand, heimesjukepleie og dagsentertilbod må vere utprøvd.

I dag har vi 22 bustader på omsorgstunet i Eikefjord og 79 bustader i Florø (Docen, Markegata 55, Havrenesvegen 28, Kleiva og Michael Sarsgata).