Båtar på hamna

Løn for familiebasert omsorg

Omsorgsløn er godtgjersle for dei som har yter særleg tyngande omsorg for nær familie.

Omsorgsløn skal støtte opp under og ta vare på den familiebaserte omsorga og gjere det mogleg for private å halde fram med å pleie dei næraste i familien.

Utgangspunktet for omsorgsløn er at ein nærståande person påtek seg eit omsorgsansvar utover det som er vanleg. Det vert stilt krav til at omsorgsoppgåvene må vere av ei viss varigheit og av eit omfattande omfang. Arbeidet må vurderast som særleg tyngande og overstige "vanleg omsorg", som til dømes det foreldre har for sine born.

Det er ingen som har eit klart rettskrav på omsorgsløn, og det må heile tida vurderast i samanheng med kommunen sitt totale omsorgstilbod. Ikkje minst må det takast omsyn til om tildeling av omsorgsløn er det beste for den som treng hjelp. Andre avlastingstilbod som kommunen kan yte må også vurderast, som til dømes skulefritidsordning, støttekontakt, heimehjelp, heimesjukepleie, kortidsopphald, dagsentertilbod, osb.

Søknadsskjema

  • Søknadsskjema, omsorgstenester
  • Søknaden skal fyllast ut av søkjar eller hjelpeverge m/ underskrift, og sendast til: Flora kommune, omsorgstenesta, Markegata 51, 6905 Florø
  • Tenestestaden tek kontakt med søkjar og avtaler tid for heimebesøk.
  • Omsorgstenesta vurderer saman med søkar behovet for tenesta.
  • Hastesaker tek ein på telefon.

Klage
Vedtaket kan påklagast. Klage kan sendast innan 3 veker til den instans som har fatta vedtaket.