Skulestart Florø barneskole

Omsorgstenesta er på jakt etter ferievikarar!

OBS! Søknadsfrist er utvida til 17. mars 2019.

Omsorgstenesta ønskjer deg som ferievikar i tidsrommet 24.06.2019 - 18.08.2019! Du kan søkje på følgjande plassar:

Furuhaugane omsorgssenter
Institusjon, kjøkken, aktivitør og reinhald 
Kontaktpersonar: Rita Landro tlf. 47853993. 

Flora omsorgssenter 
Institusjon og reinhald 
Kontaktpersonar: Edith Aarebrot Madsen tlf. 41534923 og Janne Berstad tlf. 41534924.

Heimeteneste Eikefjord 
Heimesjukepleie og heimehjelp
Kontaktperson: Evy Renate Bjørnseth tlf. 41534918.

Heimteneste Havrenes
Heimesjukepleie, heimehjelp og dagtilbod
Kontaktperson: Herdis Hauge Book, tlf. 41534936.

Heimteneste Krokane
Heimesjukepleie og heimehjelp
Kontaktperson: Evy Renate Bjørnseth tlf. 41534918.

Heimeteneste Sentrum
Heimesjukepleie og heimehjelp
Kontaktperson: Guro Kvalsund tlf. 47068121.

Bu og miljøteneste 1
Furutun
Kontaktperson: Linda Lundebrekke, tlf. 45970806.

Bu og miljøteneste 2
Jacob Sandevegen. 5 og 7
Kontaktperson: Ingrun Gram, tlf. 41534914.

Bu og miljøteneste 3
Skridsholgate 7 / 9.
Kontaktperson: Tanja Løvseth, tlf. 41534925.

Bu og miljøteneste 4
Kirkeparken ,Von og Kinnvegen 
Kontaktperson: Grete Apalseth, tlf. 98907554.

Bu og miljøteneste 5
Skridsholgate 13
Kontaktperson: Linn Einebærholm, tlf. 90208933.

Furutun- avlasting for born og unge; heildøgnstilbod med hovudfokus på hjelp og tilrettelegging for deltaking i ferieaktivitetar. Furutun er drifta i perioden 1. juli tom. 28. juli.

Felles for stillingane
 
Vi treng:
  • sjukepleiarar, vernepleiarar
  • hjelpepleiarar, omsorgsarbeidarar
  • heimehjelparar, kjøkkenassistentar, reinhaldsassistentar
  • assistentar, studentar og elevar.  
Du kan gjerne søke på fleire alternativ i same søknad, men det er då ein fordel om du skriv desse i prioritert rekkefølge.
 
Vilkår:
  • Du må vere over 18 år og bør kunne arbeide i 6 – 8 veker
  • Du må ha sertifikat til bil dersom du skal jobbe i heimetenesta
  • Du bør ha sertifikat til bil dersom du skal jobbe i bu og miljøtenesta
  • Du får tariffløn og særskild avløning dersom du tek relevant høgskule/ universitetsutdanning
  • Elles vanlege kommunale vilkår
Alle som skal jobbe hos oss i sommar må fremlegge politiattest ved tilsetting. 
 
Elektronisk søknadsskjema. Søknadsfrist er 17.03.2019.