Omsorgstenesta søker støttekontakt og avlastingsheim!

Vil du bli støttekontakt?
Som støttekontakt må du ha overskot å gje av, og vere ein god rollemodell. Vi treng støttekontakt til menneske i ulik alder og livssituasjon. Støttekontakten skal bidra til at fleire får ei fritid med meining. Det er brukaren sine interesser og behov som i stor grad avgjer kva aktivitetar støttekontakten gjer saman med brukar.

Vil du bli avlastningsheim?
Ønskjer du å ta på deg ei spennande og utfordrande oppgåve? Flora kommune treng 2 avlastningsheimar til barn på 12 og 15 år, ei helg pr. månad frå fredag ettermiddag til søndag kveld.

Du må kunne gje "litt" av deg sjølv, ha tid og interesse av å vere saman med yngre born. Du må vere vaksen, og p.g.a. stabilitet bør du kunne ta på deg oppgåva for ei tid framover. Du vil få jamleg rettleiing frå bu- og miljøtenesta. Avlasting vert godtgjort etter faste satsar.

For meir informasjon kontakt avdelingsleiar Linda Lundebrekke tlf. 45 97 08 06. Ved tilsetting må alle legge fram politiattest.

Søknadsfrist er 01.07.2019.

13. juni 2019 Henrik Ulriksen