Båtar på hamna

Omsorgstenester

Omsorgstenesta i Flora kommune

Fellesadministrasjonen med fagstab er lokalisert på Omsorgsenteret, Kinnv. 1a
Leiar: Pleie- og omsorgssjef Ragnhild Holm.

Kommunen har ansvar for å syte for gode og forsvarlege helse- og sosialtenester til alle som treng det.

I Flora kommune er dette basert på heimeteneste, bu- og miljøteneste og institusjonsteneste, og med prinsipp om eigenomsorg som felles fokusområde.  I praksis kjem dette til uttrykk gjennom at det – så langt som mogeleg – skal leggast til rette for nødvendig omsorgsteneste i eigen heim.  Når dette ikkje lenger er mogeleg, skal institusjonsomsorg vere eit trygt alternativ.

Tenestene er inndelt i 12 ulike einingar  – kvar med sin avdelingsleiar.  Omsorgstenesta har ca 500 tilsette med variert og høg kompetanse på ei rekkje fagområder. 
På denne sida kan du lese meir om dei ulike avdelingane, og deira særskilde tenesteområde.

Søknad om ulike tenestetilbod vert vurdert etter behov og tildelt av Tildelingsnemda.

Søknadsskjema  finn du til høgre under sjølvbetening, dette skjemaet skal nyttast for alle typar tenester.