Seglbåt med jente

Omstilling 2019 - Nyheitsbrev 12.02.2019

Som vi informerte om 21. januar, vil arbeidet med Omstilling 2019 følgje tre hovedløp:

  1. Innsparing
  2. Effektivisering
  3. Nedbemanning

Innsparing

Det er gjennomført ei kartlegging i alle tenester på mulege tiltak. Tenestene hadde frist til 1. februar med å levere forslag til tiltak. Nokre av dei innmelde tiltaka kan settast i verk straks, andre er meir krevjande og treng grundigare handsaming. Akkurat no krev årsoppgjeret kapasiteten vår, men etter 15. februar vil rådmannen starte arbeidet med samanstilling av innsparingstiltaka. Resultat vil ha påverknad på den vidare prosessen. Rådmannen kjem til å oppdatere formannskapet om arbeidet i neste møte 19. mars. Tilsette vil få informasjon til same tid.

Effektivisering

Vi set kontinuerleg i verk ulike tiltak, som til dømes:

  • Lønsoppgåve og lønsslipp
    Eit konkret tiltak som er gjort for å effektivisere drifta og samtidig få ned kostnader, er at vi gjer løns- og trekkoppgåvene tilgjengeleg ved pålogging i lønnsystemet. Dette er også i tråd med dei nye personvernreglane, som tilseier at vi ikkje har lov til å sende ut personsensitiv informasjon med e-post. Ved å nytte dei digitale systema sikrar vi personvernet ditt, samtidig som du får høve til å halde oversikt over den informasjon som ligg om deg i lønsystemet. I tillegg vil kommunen spare pengar på porto og papir. Lønsavdelinga vil også spare tid på å sleppe å printe ut alle lønsoppgåvene. Frå og med februar vil også lønslippen din komme via denne pålogginga. Sjå https://www.flora.kommune.no/loensoppgaave.484606.nn.html for meir informasjon.
  • Digisos
    NAV har nyleg teke i bruk ei ny digital løysing – Digisos – som gjer at brukarar av sosiale tenester kan kommunisere med NAV digitalt. Denne løysinga gjev ein effektiviseringsgevinst for både NAV og brukarane.
  • Altinn

Vi vert stadig flinkare til å sende brev frå kommunen ut digitalt. Kvar gong du opnar post frå kommunen via Altinn sparer kommunen pengar på porto. Kvart lite tiltak gjev til slutt økonomisk gevinst for kommunekassa.

Nedbemanning

Omstillingsutvalet (representanter frå ATO og personalavdelinga) har utarbeidd eit utkast til prosessplan, som er klar for innstilling til rådmannen. Utvalet møtest kvar veke framover våren. Den 26. februar vil arbeidsmiljøutvalet (AMU) få orientering om arbeidet så langt.

Planar:

Prosessplan
Omstillingsutvalet har arbeidd med å lage ein prosessplan for personalområdet. Prosessplanen vart gjort klar for innstilling til rådmannen på møte 8. februar. Den vert lagt ut på heimesida etter orienteringa til AMU.

Informasjonsplan
Det er også laga ein informasjonsplan, som du finn vedlagt her. Denne ligg til grunn for det vidare informasjonsarbeidet.

Begrepsfloke

Ein høyrer gjerne snakk om begrep som partar, samarbeidsgruppe og omstillingsutval. Kva er kva?

Samarbeidsgruppe og omstillingsutval er det same, altså personalavdelinga, og representantar frå ATO (arbeidstakarorganisasjonane).

Partane i arbeidslivet er eit omgrep som vanlegvis refererar til arbeidstakarane eller ATO på den eine sida, og arbeidsgjevarane eller deira organisasjonar på den andre sida.