hamnebasseng langt

Omstilling 2019 - Nyheitsbrev 25.02.2019

Arbeidet med Omstilling 2019 følgjer dei tre hovudløpa

  • innsparing
  • effektivisering
  • nedbemanning

Innsparing

Det vert no arbeidd med samanstilling av innsparingstiltaka som er rapportert inn frå tenestene. Mellom anna vil ei samla oversikt over lisensavgifter, abonnement og annonseringar vere til hjelp i vurderinga av kva som kan seiast opp av slike avtalar. Rådmannen kjem til å oppdatere formannskapet om arbeidet i neste møte 19. mars. Du som tilsett vil få informasjon til same tid.

Effektivisering

Vi set kontinuerleg i verk ulike tiltak som kan effektivisere drifta i kommunen. På sikt vil slike tiltak også ha ein innsparingseffekt. Du vert orientert etter kvart som nye tiltak vert sett i verk.

Nedbemanning

Omstillingsutvalet har sett på ulike moment kommunen arbeider vidare med før ein avgjer omfanget av ei nedbemanning:

  • Rådmannen gjennomfører ei samla kartlegging av tilsette som har planar om å slutte/gå av med pensjon.
  • Ved oppnådd pensjonsalder og full opptening oppmodar Omstillingsutvalet aktuelle tilsette om å frivillig velje pensjon.
  • Flora kommune stiller seg positiv til om nokon ønskjer frivilleg reduksjon av stillinga si for ein periode.
  • Flora kommune legg til rette for permisjonar (studiepermisjon eller annan permisjon), dette vurderast i høve omstillingsavtalen for Kinn.
  • I samband med omstillingsarbeidet som no pågår vil Omstillingsutvalet gjere merksam på at ein må vere innstilt på at ein kan verte overflytta til andre avdelingar/tenester.
  • Flora kommune vil etablere eit eige utval for attføring/omplassering.
  • Sluttpakkar er ikkje eit alternativ, gitt den økonomiske situasjonen i kommunen. 

Utvalet møtest kvar veke framover våren. Den 26. februar vil arbeidsmiljøutvalet (AMU) få orientering om arbeidet så langt.