Skulestart

Oppheving av reguleringsplanar i Florø sentrum

Kommunedelplan for Florø sentrum (sentrumsplanen) skal ferdigstillast våren 2018. I samband med dette skal vi oppheve fleire gamle og utdaterte reguleringsplanar, den eldste frå 1949. Dette vert no kunngjort i medhald av plan- og bygningslova §12-14.

Hensikta med å oppheve alle dei gamle reguleringsplanane sine arealkart og føresegner er å gjere det enklare for grunneigarane og tiltakshavarar i framtida ved at det i hovudsak blir ein plan å forholde seg til; sentrumsplanen. Handsaminga av plan- og byggesaker i Flora kommune vil også bli meir effektiv ved at det ikkje blir motstrid mellom den nyaste og den mest detaljerte planen. 

Fleire av føresegna og hensikta bak vil – i dei planene vi tenkjer å oppheve –  bli innarbeidd i kommunedelplanen for Florø sentrum (sentrumsplanen) og tilhøyrande arealføremål. Mykje vil også gå heilt ut då dei hindrar ei heilskapleg utvikling av Florø sentrum og ei effektiv sakshandsaming. 

Endeleg vedtak for oppheving av gamle og utdaterte reguleringsplanar vil ikkje skje før sentrumsplanen skal vedtakast. Slik at no har du moglegheit til å sjå over reguleringsplanen som gjeld i ditt område og komme med innspel. 

Slik kan du finne reguleringsplan for ditt område

Du kan finne kva reguleringsplan som gjeld for ditt område via vårt kartsystem. I menyen nedst i kartet kan du velje "reguleringsplanar" som kartgrunnlag. Deretter søkjer du opp di adresse eller gards- og bruksnummer i søkjefeltet øvst på sida. Då finn du reguleringsplanen som gjeld for ditt område, dersom reguleringsplanen er ein del av lista nedanfor, så er denne reguleringsplanen tenkt oppheva.

Høyringsfristen er fire veker og satt til 9. februar 2018. 

Er det noko du lurer på eller ønskjar hjelp til kan du ta kontakt med Flora kommune sitt sentralbord på tlf. 57756000.

Oppheving av reguleringsplanar i Florø sentrum
PlanID Plannamn Dokument
19490101 Florølandet, nordaustre del plankart
19490101 Florølandet, nordaustre del føresegner
19490102 Florø, søraustre del plankart
19490102 Florø, søraustre del føresegner
19500101 Florø, byggebeltet vest plankart
19650101 Florelandet, østre del plankart
19650101 Florelandet, østre del føresegner
19670101 Florø sentrum, vestre del plankart
19670102 Nyland plankart
19710101 Nordnes I plankart
19710101 Nordnes I føresegner
19740101 Tua, leikeareal plankart
19770103 Firdavegen plankart
19770103 Firdavegen føresegner
19790101 Tua, leikeareal, bolig plankart
19790103 Skule, parkering, bustader, Havrenesvegen plankart
19790103 Skule, parkering, bustader, Havrenesvegen føresenger
19800102 Kvartal 44, bustad plankart
19810105 Florø, vestre del - Fugleskjærskaia, Strandavegen plankart
19810105 Florø, vestre del - Fugleskjærskaia, Strandavegen føresegner
19820104 Florø sentrum, kvartal 10 - forretning, kontor, lager plankart
19820104 Florø sentrum, kvartal 10 - forretning, kontor, lager føresegner
19830102 Molofeste på Nordnes plankart
19830102 Molofeste på Nordnes føresegner
19830105 Florø sentrum, kvartal 36 - forretning, kontor, hotel plankart
19830105 Florø sentrum, kvartal 36 - forretning, kontor, hotel føresegner
19850101 Vestre bydel, Åsvegen 10, bustad plankart
19850101 Vestre bydel, Åsvegen 10, bustad føresegner
19850103 Hesteneset, vestre del - industri, forretning, kontor, bustad plankart
19850103 Hesteneset, vestre del - industri, forretning, kontor, bustad føresegner
19850104 Evja plankart
19850104 Evja føresegner
19860101 Firdavegen 37, bustad plankart
19860101 Firdavegen 37, bustad føresegner
19870107 Florelandet, nordaustre del - Evja, Skitnevatnet, bustad, kontor plankart
19870107 Florelandet, nordaustre del - Evja, Skitnevatnet, bustad, kontor føresegner
19870108 Firdavegen 4, forretning, trafikkareal plankart
19870108 Firdavegen 4, forretning, trafikkareal føresegner
19870111 Gaddevågen, Evja - industri, lager, bustad, rv5 plankart
19870111 Gaddevågen, Evja - industri, lager, bustad, rv5 føresegner
19890107 Skudalen, kvartal 41, 42, 51 - off. bygg, veg plankart
19890107 Skudalen, kvartal 41, 42, 51 - off. bygg, veg føresegner
19890110 Gaddevågen, Evja - industri, lager plankart
19890110 Gaddevågen, Evja - industri, lager føresegner
19910104 Kvartal 30, bustad plankart
19910104 Kvartal 30, bustad føresegner
19950102 Stranda, industri, næring, bustad - reg. endring plankart
19950102 Stranda, industri, næring, bustad - reg. endring føresegner
19960105 Skudalen, Docentomta, bustad plankart
19960105 Skudalen, Docentomta, bustad føresegner
19960201 Stranda bilverksted plankart
19960201 Stranda bilverksted føresegner
19970101 Evja sør plankart
19970101 Evja sør føresegner
19970201 Strandavegen, bustader plankart
19970201 Strandavegen, bustader føresegner
19970211 Kolkaia, bustad, kontor, forretning plankart
19970211 Kolkaia, bustad, kontor, forretning føresegner
19980101 Evja nord, bustad, forretning, kontor - Evjasenteret plankart
19980101 Evja nord, bustad, forretning, kontor - Evjasenteret føresegner
19980103 Florø sentrum, torgplassen plankart
19980103 Florø sentrum, torgplassen føresegner
19980105 Kinnvegen, gang og sykkelveg plankart
19980105 Kinnvegen, gang og sykkelveg føresegner
19990101 Florø barneskule, uteområde plankart
19990101 Florø barneskule, uteområde føresegner
19990106 Florø sentrum, omsorgssenter plankart
19960106 Florø sentrum, omsorgssenter føresegner
19990202 Evja sør plankart
19990202 Evja sør føresegner
20000105 Notømarka, bustad plankart
20000105 Notømarka, bustad føresegner
20000202 Kvartal 49, forretning, kontor, medisinsk senter plankart
20000202 Kvartal 49, forretning, kontor, medisinsk senter føresegner
20010102 Flora ungdomsskule plankart
20010102 Flora ungdomsskule føresegner
20020108 Firdavegen 2, bustad plankart
20020108 Firdavegen 2, bustad føresegner
20040104 Strandagata 12 og 14, Florø sentrum, bustad plankart
20040104 Strandagata 12 og 14, Florø sentrum, bustad føresegner
20040106 Florø sentrum, Skridsholgate, bustad plankart
20040106 Florø sentrum, Skridsholgate, bustad føresegner
20060104 Florø sentrum, Hamnegata, kontor, bustad plankart
20060104 Florø sentrum, Hamnegata, kontor, bustad føresegner
20060105 Stranda, næring plankart
20060105 Stranda, næring føresegner
20060109 Kvartal 37, 39, 40, 41, område B4 og C2, blanda formål plankart
20060109 Kvartal 37, 39, 40, 41, område B4 og C2, blanda formål føresegner
20060115 Florø sentrum, Strandgata 22, bustad plankart
20060115 Florø sentrum, Strandgata 22, bustad føresegner
20060129 Florø sentrum, Fugleskjærskaia, hamneområde plankart
20060129 Florø sentrum, Fugleskjærskaia, hamneområde føresegner
20070102 Evja, Striholsgata, bustad, offentleg formål plankart
20070102 Evja, Striholsgata, bustad, offentleg formål føresegner
20070112 Florelandet, nordaustre del, kontor, lager, bustad plankart
20070112 Florelandet, nordaustre del, kontor, lager, bustad føresegner
20080112 Evja sør, bustad plankart
20080112 Evja sør, bustad føresegner
20080115 Evja, Hamregata, bustad plankart
20080115 Evja, Hamregata, bustad føresegner
20080120 Evja, forretning, industri plankart
20080120 Evja, forretning, industri føresegner