Ytteroyane

Oppheving av reguleringsplanar i Florø sentrum

Kommunedelplan for Florø sentrum (sentrumsplanen) vart ferdigstilt våren 2018. I samband med dette oppheva vi fleire gamle og utdaterte reguleringsplanar. Ved seinare gjennomgang viser det seg at det ligg nokre planar att, som og skulle vore oppheva.

Desse vert no kunngjort oppheva i medhald av plan- og bygningslova §12-14.

Hensikta med å oppheve alle dei gamle reguleringsplanane sine arealkart og føresegner er å gjere det enklare for grunneigarane og tiltakshavarar i framtida ved at det i hovudsak blir ein oppdatert plan å halde seg til. Handsaminga av plan- og byggesaker i Flora kommune vil også bli meir effektiv ved at det ikkje blir motstrid mellom den nyaste og den mest detaljerte planen. 

Innhaldet i dei planane som no skal opphevast er innarbeidd i kommunedelplanen for Florø sentrum der det har vore naturleg å vidareføre føremåla i høve heilskapleg utvikling av Florø sentrum og ei effektiv sakshandsaming.

Slik kan du finne reguleringsplan for ditt område

Du kan finne kva område reguleringsplanane ligg i ved å gå inn på linkane i tabellen under. 

Oppheving av reguleringsplanar
PlanID Plannamn Link til planarkiv
19470101 Florø, vestre bydel Klikk her
19920201 Kvartal 49, Firdavegen 1 Klikk her
19950201 Gatebruksplan, Strandgata Klikk her
19960101 Flora sentrum - Kvartal 9, bustad/kontor Klikk her
19970206 Tua, gbnr. 202/353, bustad Klikk her
19970208 Gaddevåggata, del av gbnr. 202/39 Klikk her
20000106 Meierikvartalet - Kvartal 27, Bustad/Forretning/Kontor Klikk her
20020201 Håvågen,Gbnr.27/917 Klikk her
20040205 Håvågen 6, Gbnr.27/66, 114, 129, Bustad Klikk her

Merknader til opphevingane kan rettast til Flora kommune på e-skjema som du finn her, til postmottak@flora.kommune.no eller Markegata 51, 6905 Florø innan 08.03.2019.