Ytteroyane

Oppseiing av barnehageplass

Når foreldre/føresette vil seie opp ein barnehageplass
 
Vedtekter for barnehagane i Flora §10 fastset reglar for oppseiing av barnehageplassen. 
Etter 1. mars kan ein ikkje seie opp plassen for resten av barnehageåret utan særlege grunnar. Særlege grunnar vert definert som fråflytting, langvarig sjukdom o.l. Dokumentasjon som erklæring frå lege og flyttemelding vert kravd. 
 
Når foreldre/føresette vil redusere barnehageplassen
 
Ønskjer du å endre barnehageplassen til barnet ditt, får du eit skjema i den barnehagen du har barnehageplass. Skjema leverer du inn i barnehagen i utfylt stand. Reglar for endring av barnehageplass er dei same som for oppseiing av barnehageplass. 
 
Oppseiing av barnehageplass på grunn av uteståande foreldrebetaling
 
Vert foreldrebetalinga misleghalden, kan ein miste retten til barnehageplass i Flora kommune (§3 Vedtekter for barnehagane i Flora).

Ved 2 månaders uteståande foreldrebetaling, vert det administrativt vurdert om barnet mister barnehageplassen. Foreldre/føresette får skriftleg melding om dette, med snarleg frist for å betale uteståande beløp. Barnet mister retten til barnehageplass dersom ikkje denne fristen for innbetaling av uteståande beløp vert halden.