Seglbåt med jente

Oppstart av Parkinson gruppe

Gruppetreninga startar 23. september 2019, kvar måndag og onsdag i 10 veker.
Klokkeslett: 13.00 - 14.00
Frist for påmelding:
16.september 2019 til tlf 95 71 00 60

Fysio- og ergoterapravdelinga i samarbeid med musikkterapeut vil starte opp med treningsgruppe for personar med Parkinson. Målet med tilbodet er å betre og oppretthalde funksjon til deltakarane gjennom bruk av rytme og musikk. Treninga vi ha fokus på bla. kondisjon, stemme, pust, koordinasjon og balanse.

Kriterier for deltaking i gruppa:
- heimebuande
- opplever endring/fall i funksjon
- har utfordringar med  kvardaglege gjeremål
- er motivert
- kan forhalde seg til avtalar
- kan ta instruksjon
- kan delta i gruppesamanheng

Stad: Treningsrommet ved dagavdelinga på Flora Omsorgssenter. Adresse : Kinnvegen 1

Treningstider: Gruppetreninga startar 23. september 2019, kvar måndag og onsdag i 10 veker.

Klokkeslett 13.00 til 14.00

Eigendel for deltaking: Det blir eigendel for å delta i gruppe jf. forskrift om stønad til dekking av utgifter til fysioterapi, eigendelstak 2. Per 01.01.19 er eigendelen på kr. 97 per time. Frikort til brukar vil bli sendt automatisk frå HELFO når taket på eigendel er nådd, per i dag kr. 2085.-

Transport: Deltakar må i utgangspunktet kome seg til og frå treninga sjølv. Det vert tinga drosje til dei som treng det gjennom pasientreiser og deltakar må betale eigendel etter eigendeltak 1.

Deltakarane vil bli individuelt kartlagt og vurdert med utvalde kartleggingsverkty før og etter gruppestart.

Påmelding ved: Leni Myklbust. sekretær Fysio- og ergoterapiavdelinga på tlf. 95 71 00 60

Frist for påmelding: 16. september 2019