Pærebrann i Florø

Smitta pilemsipelMattilsynet og Bioforsk Plantehelse har stadfesta funn av pærebrann i ein hage i Florø. Pærebrann har aldri vore oppdaga så langt nord før. Mattilsynet veit førebels ikkje korleis smitten har kome til Florø. Smitta busk er fjerna. Det er ikkje fare for at smitten skal spreie seg no då temeraturen er for låg til det. Matttilsynt har i fleir år drive ein førebyggjande ryddeaksjon mot pærebrann mange stader på Vestlandet. Funnet viser kor viktig det er å halde fram med det førebyggande arbeidet for å hindre at det når fruktdistrikta.

Mattilsynet oppmodar framleis alle grunneigarar til å hogge ned dei mest mottakelege vertplantane bulkemispel og pilemispel. I løpet av vinteren vil Mattilsynet vurdere kva slagt tiltak vi skal sette i verk i samband med revideringa av bekjepingsplanen mot pærebrann.

Pærebrann er ikkje farleg for menneske og dyr.
Pærerann går ikkje på plommer, moreller, bærbusker.

Fakta om pærebrann:
*
Pærebrann, som er forårsaka av bakterien Erwina amylova, angrip pære- og epletre og ei rekkje andre planter i rosefamilien. Karanteneskadegjeraren er påvist i fleire verdsdelar.
* I Noreg angrip pæebrannen fyrst bulke- og pilemispel ved etablering i eit nytt område. Dette gjer at Mattilsynet har spesielt fokus på desse tor vertplantane. Det har vore forbod mot omsetjing og planting av begge vertplantane sidan 1986, og alle bulke- og pilemispel vert fjerna i ein gitt radius rundt nye funnstader med pærebrannsmitte.
* Dei siste åra har vore ei akselererande spreiing av plantesjukdomen, og Mattilsynet har intensivert overvakinga slik at ein kan finna smitten på eit tidleg stadium, og slå utbrota attende raskare og meir effektivt.
* Pærebrann er påvist i kommunar i Roaland, Hordaland, VestAgder og Sogn og Fjordane, i førse rekke på bulkemispel, krypmispel og sprikemispel.

Angrep synest ved:
* Skot og blomster som visnar raskt.
* Blad og blomster på skot som har visna, blir hengjande på planta lenge.
* Unge skottoppar vert bøygd som ein krok (liknar ein bispestav) typisk på Bulkemispel
* På barken kan det, spesielt i regnvær eller ved doggfal, oppstå små, grå og slimaktige dråpar, som inneheld store mengder av den sjukdomsframkallande bakterien.
* Barklaget under den tynne, ytre korkbarken blir mørkt grøn til brunaktig, litt fuktig og har ikkje skap grense mot frisk bark.
* Pærebrann overvintrar i barken på smitta tre.

Pærebrann er ikkje farleg for menneske og dyr.
Pærebrann går ikkje på plommer, moreller, bærbusker.

* Grunnen til at det ikkje er registrert angrep i pære- og epletrær her hos oss, et at pærebrann angrip bulke- og pilemispler først før den så evt. går over på eple og pæretre. Så langt har ikkje det skjedd fordi Mattilsynet og andre har rydda bort desse vertsplantane.
* Plantane er ikkje aktiv når det er kaldare enn 14*c.

PærebrannKva gjer du :

*
Kappe vertsplantane bulke- og pilemispel heil ned
* Stubbebehandle med Glyfosat.
* Sprøyte direkte på bladverk på mindre buskar.

 


*Avfallet kan handsamast slik det er mest teneleg - deponerast i utmark, kvernast, brukast til ved eller køyrast bort.
* Avfall handsamast ikkje som risikomateriale, eventuell smitte døyr etter 2-3 dagar.

* Reidskap kan desinfiserast med klorløysing eller raudsprit.
* OBS!! Dersom du feks tek med hagereidskap på hytta.
* Smitte kan overleve 2-3 dager på reidskap.
* Vi har ikkje kjemiske plantevernmidlar mot Pærebrann, men hindrar oppspiring av vertsplanten med glyfosat (eks handelspreparata Envisjon, Rambo, Keeper, Roudup Garden ufortynna - tilsvarer 120 g flyfosat pr.l)
* Glyfosat er lite giftig for pattedyr, men er eit plantevernmiddel og skal handsamast som slikt, ved varsemd.
* Mattilsynet kan etter nærare avtale formidle glyfosat kostnadsfritt til dei som ønskjer å rydde sine vertsplantar.

Regelverk:
Egen forskrift om Pærebrann: FOR 2007-04-25 nr. 435: Forskrift om tiltak mot pærebrann.
Forskrifta gjev m.a - Mattilsynet rett til å fjerne vertsplantar
- legge restriksonar på vandring med bikuber
- pålegge restriksjonar for dei som utfører kanklipp

Symptomer som kan forvekslast med pærebrann:
Epletrær: Brune, visna skott. Klar avgrensing mellom sjuk/frisk. Skuldast Grå Monillia
Pæretrær Svarte skoll og flekkar på blad. Skuldast kreft
Hagtorn: Visning + svarte puter på greiner og blomster. Skuldast Hagtornrust

7. november 2008