hamnebasseng langt

Parkeringskort rørslehemma

Parkeringskort
Parkeringskort for rørslehemma gjev deg høve til å parkere på

offentlege  parkeringsplassar merka for rørslehemma, 

og er meint som ein kompensasjon for tapt gangfunksjon
.



Hovudregel for tenesta:
Parkeringskort vert utstedt til dei som ikkje kan gå eller har store vanskar med å bevege seg over ei viss lengde, og derfor har særleg trong for å kunne parkere nær bustad, arbeid og/eller anna aktivitet. Du kan få parkeringskort både som førar av motorvogn og som passasjer dersom du har særskilde behov.

Det er ikkje behovet for å nytte motorvogn, men behovet for parkeringslette som skal leggjast til grunn ved vurdering av søknad. Parkeringsløyvet er ikkje meint som ei økonomisk støtteordning. Det at det gir økonomiske fordelar (t.d. gratis parkering på offentleg avgiftsbelagte plassar og gratis passering i bomringer) til personer med parkeringskort, er ikkje noko som påverkar handsaminga av søknaden.

Parkeringsløyve for rørslehemma gjev, i samband med transport av den som har fått løyvet, adgang til å parkere køyretøy i heile landet:

Parkeringskort skal ved parkering plasserast med forsida godt synleg bak frontruta. Parkeringskortet er personleg, og kan ikkje knytast til ein organisasjon/eller andre
personar.

Vilkår
Flora kommune gjev etter søknad, jmf. Forskrift om parkering for forflytningshemma av 15.mars 1994, parkeringsløyve for rørslehemma til:

§ 2-a) Førar av motorvogn som har særleg trong for parkeringslette i samband med bustad, arbeid og/eller anna aktivitet, fordi vedkommande ikkje kan gå eller har store vanskar med å bevege seg over ei viss lengde.

§2-b) Passasjer som har særleg trong for parkeringslette i samband med bustad, arbeid og/eller anna aktivitet, fordi vedkommande ikkje kan gå eller har store vanskar med å bevege seg over ei viss lengde.

Saksgang
Søknad om parkeringskort for rørslehemma skal leverast/sendast til Informasjon og service i Flora kommune, Markegata 51, 6905 Florø. Vedtak vert fatta fortløpande.

Der kan ein også få tak i søknadsskjema og få hjelp til utfylling av skjemaet. Som vedlegg til søknaden skal det også vere ei eiga legeerklæring.

Dersom søknaden vert innvilga, må ein også levere inn passbilete som skal vere på parkeringskortet.

Kortet gjeld for minimum 2 eller maksimalt 5 år. Dersom du framleis har trong for parkeringskort, må du levere inn ny søknad med legeerklæring.

Forskrift om parkering for forflytningshemmede av 15.mars 1994