Seglbåt med jente

Permisjonsreglementet i Flora kommune

Permisjonsreglementet gjeld for tilsette i Flora kommue og dei kommunale føretaka.

Reglementet er vedteke i Administrasjonsutvalet, den 2. juni 2009. Sak 010/09

1. Innleiing

1.1   Permisjonsreglementet gjeld for tilsette i Flora kommune og dei kommunale føretaka. 

1.2   Reglementet sitt omfang
Reglementet gjeld for alle arbeidstakarar i eit fast forpliktande arbeidsforhold, herunder også arbeidstakarar med tidsavgrensa arbeidsavtalar, med ei på førehand fastsett arbeidstid, Jfr Hovudtariffavtalen (HTA) kap 1.1.          

    Deltidstilsette vert innvilga permisjon høvesvis etter stillingsstorleik.
 
    For tilsette i skuleverket gjeld spesielle tilpassingar, slik dei går fram av Hovudtariffavtalen.
 
    1.3   Reglementet sine avgrensingar
    Reglementet gjeld ikkje dersom det strir mot lov, tariffavtale eller andre reglar som er bindande for kommunen.

2. Generelt om avgjerdsmynde

2.1 Avgjerdsmynde
Avgjerdsmynde i permisjonssøknader er lagt til rådmannen.  Mynde er delegert vidare slik det er vist under kvar permisjonsregel, jfr pkt 3 .
 
2.2  Budsjettansvar     
Den som har avgjerdsmynde har ansvar for at det er budsjettmessig dekning for utgiftene.
 
2.3 Drøfting med tillitsvalde
Før avgjerd i søknader etter pkt. 10.1 , 16 og 18.2 i dette reglementet, vert saka først å drøfte med søkjaren sin tillitsvald.  Det vert å føre referat frå drøftingane.
 
2.4 Utvida ansvar
Den som har avgjerdsmynde har også ansvar for at permisjonar blir gitt i samsvar med lov, tariffavtale og andre reglar.

3. Delegering

   3.1  Tenesteleiar avgjer permisjonssøknader frå tilsette i eiga teneste.
 
   3.2. Stabssjefar i sentraladministrasjonen avgjer permisjonssøknader frå tilsette i eigen stab.
   Stabssjefane er tildelt same mynde som tenesteleiarane i dette reglementet.
 
   3.3. Rådmannen avgjer permisjonssøknader frå  tenesteleiarar, stabssjefar og kommunalsjefar.

4. Anke

4.1  Rådmannen
Arbeidstakar kan krevje at avslag på permisjonssøknad etter reglementet vert handsama av Rådmannen.  Ved eventuelt avslag skal tenesteleiar gjere søkjaren kjend med denne retten.
 
Ved anke må arbeidstakar sende denne til Rådmannen seinast 3 dagar etter at vedkomande er gjort kjend med avgjerda.
 
4.2 Administrasjonsutvalet
Dersom Rådmannen opprettheld avslaget kan arbeidstakar anke avgjerda inn for Administrasjonsutvalet.  Denne ankeretten skal gjerast kjend for arbeidstakar.
Anke vert å sette fram innan 1 veke etter at ein er gjort kjend med avgjerda.

5. Sakshandsaming

5.1  Permisjonssøknad
Arbeidstakaren skal stile permisjonssøknaden på særskild skjema  til tenesteleiar.
                             
5.2 Sakshandsaming
Tenesteleiaren skal seinast innan 3 dagar etter mottak av søknaden - å påføre søknadsskjemaet si avgjerd og sende denne tilbake til søkjaren. 

   5.3 Etterhandsaming
   Dersom søkjaren vert innvilga permisjon (med eller utan løn) skal det sendast kopi av søknadsskjema til:
    - søkjaren (original)
    - lønsavdelinga i kommunen (når permisjonen utløyser: trekk i løn, refusjoner, endring ansiennitet)

6. Unntak frå reglementet

Rådmannen kan likevel innvilge permisjon i andre høve enn dei som er omtala i reglementet og gjere unntak frå dette.

7. Løn og lønsansiennitet ved permisjonar

7.1   Permisjon med løn
Ved permisjon med løn inntil 1 veke skal løna vere tilsvarande den løna vedkomande ville hatt om han/ho hadde vore i arbeid. 
Ved permisjon utover 1 veke er det stillinga si regulativløn som skal vere utgangspunktet for avløninga. 
 
7.2  Permisjon med heil eller delvis løn
Permisjon med heil eller delvis løn, ved tvungen militær og sivil pliktteneste, for å utføre offentlege ombod og for ombod i arbeidstakarorganisasjonane, blir rekna med i lønsansienniteten.
 
7.3  Uløna permisjon

Uløna permisjon i samband med sjukdom, svangerskap, adopsjon og omsorgsarbeid vert rekna med i lønsansienniteten med inntil 2 år.

7.4  Utdanningspermisjon
Uløna utdanningspermisjon blir medrekna med inntil 2 år når utdanninga har noko å seie for vedkomande sitt arbeid i kommunen.  

8. Feriepengar

Ved løna permisjonar blir løna rekna med i feriepengegrunnlaget.  For permisjonar under pliktig militær og sivil pliktteneste skal likevel reglane i Ferielova § 10.5 gjelde. 

9. Pensjonsmedlemskap

9.1  Permisjon med løn
 Arbeidstakar som får permisjon med løn, opprettheld pensjonsmedlemskapen sin.
 
9.2 Permisjon utan løn
Arbeidstakar som får permisjon utan løn for lengre tid ein 1 månad, vert å melde ut av pensjonsordninga. Lønsavdelinga melder vedkomande ut og sender kopi av utmeldinga til søkjaren og tenesteleiar.
 
9.3 Frivillig medlemskap
Arbeidstakar skal samstundes ha tilbod om frivillig medlemskap etter dei reglane som gjeld i dei respektive pensjonsordningane. KLP SPK.
Tenesteleiar er ansvarleg for å gje dette tilbodet og eventuelt melde dette til lønsavdelinga.

10. Utdanningspermisjon

10. 1 Rett til utdanningspermisjon – og føringar
Rett til utdanningspermisjon – Arbeidsmiljølova § 33 D
Utdanningspermisjon -Permisjon etter Hovudtariffavtalen, Kap 1. § 14. 2

Ved handsaming av søknader om permisjon og utgiftsdekking i samband med kurs/ utdanning/etter- og vidareutdanning i Flora kommune vert det, ut frå eit likestillingsperspektiv, lagt vekt på at kvinnelege arbeidstakarar, personar med fleirkulturell bakgrunn, yrkesvalhemma personar og menn i kvinnedominerte yrke får særskild merksemd. Sjå punkt 2.3.
 
10.2   Grunnutdanning
Grunnutdanning er den utdanning som blir kravd i den tilsette si kommunale stilling. Ein kan gi permisjonar utan løn for den tida grunnutdanninga varer etter grunngjeven søknad.  
Avgjerdsmynde:            Tenesteleiar    
 
Permisjon med heil/delvis løn kan i særskild og unntaksvise tilhøve gjevast som rekrutteringstiltak.
Avgjerdsmynde:            Rådmannen        
 
10.3 Etterutdanning/kurs/fagleg utviklingsarbeid
Etterutdanning er ajourføring og utvikling av kunnskap og nødvendig opplæring innan nye fag- og arbeidsområde som ligg til vedkomande stilling.
Ein kan gi permisjon med heil eller delvis løn. Det kan tilståast dekking av utgifter til kursavgift og reise/opphald. 
Avgjerdsmynde:            Tenesteleiar
           
10.4 Vidareutdanning - kompetansegjevande
Vidareutdanning tek sikte på å kvalifisere arbeidstakar utover det som vert kravd i stillinga som vedkomande er tilsett i.  
For utdanning som ledd i den interne karriere- og utviklingsplanen for å gjere arbeidstakaren kvalifisert til å gå inn i anna stilling i kommunen, kan ein gje permisjon med heil eller delvis løn for inntil 1 år. Det kan tilståast dekking av utgifter til kurs og reise/opphald.
 
For utdanning som er ledd i arbeidstakaren sin personlege karriereutvikling kan ein gje permisjon utan løn i inntil 3 år/for den tida (normert) utdanninga varer.   
Avgjerdsmynde:            Tenesteleiar
 
Dersom nyutdanning / vidareutdanninga kvalifiserer for arbeid som naturleg ligg utanfor vedkomande tenesteområde, avgjer Rådmannen.

10.5  Kurs arrangert av arbeidstakarorganisasjonane
 
10.5.1   Kurs for  tillitsvalde
For deltaking på kurs arrangert av organisasjonar som kommunen har inngått tariffavtale med, kan ein innvilge permisjon med heil eller delvis løn. Det er
ein føresetnad at kurset har eit innhald som har tilknyting til arbeidstakaren sin funksjon som tillitsvald (funksjonar som er definert i Hovudavtalen).
Politisk prega kurs, interne kurs for opplæring av funksjonar som kasserar, sekretær mv i eigen organisasjon gjev ikkje slik rett. Hovudavtalen.
Avgjerdsmynde:            Tenesteleiar

10.5.2  Andre kurs
For deltaking på kurs arrangert av organisasjonar som kommunen har inngått tariffavtale med, kan ein innvilge permisjon med heil eller delvis løn.
Det er ein føresetnad at kurset har eit innhald som har betydning for vedkomande sitt arbeid i kommunen og at ein vurderar denne å vere til nytte for den kompetanse som kurset gir.     
Avgjerdsmynde:            Tenesteleiar            
 
10.6 Eksamensfri
 I samband med eksamen vert det gitt permisjon med løn etter reglane i HTA § 14.4.               
Avgjerdsmynde:            Tenesteleiar

10.7 Erstatning for fridag som vert brukt til kurs
For turnuspersonale og deltidstilsette som brukar fridag til å delta på kurs, gjeld følgjande ordning:
 
10.8.1  Pålagt kurs av arbeidsgjevar:
Kvar fridag vert å erstatte med ny fridag.
Kurs utover ordinær arbeidstid vert å godskrive med tilsvarande fritid.
Kurs-/tidsplan og/eller tilsvarande vert å legge fram som dokumentasjon.
   
10.8.2  Frivillige kurs
Fridagane vert ikkje erstatta.
Unntak:  
  • Fridag som er erstatning for arbeid på søndag vert å erstatte.
  • Dersom kurset har vesentleg verdi for vedkomande sitt arbeid, kan deltidstilsett få erstatta inntil halvparten av fridagane når minst 2 kursdagar pr kurs fell på fridag.
 Avgjerdsmynde:              Tenesteleiar

11. Pliktteneste - Bindingstid

Pliktteneste kan avtalast med den einskilde dersom kommunen ved opplæring har ytt vesentleg økonomisk støtte. Plikttenesta er avgrensa til maks 2 år (HTA kap. 14.3.) etter avslutta utdanning.  

Dersom arbeidstakaren sluttar i kommunen før bindingstida er ute, vert den økonomiske ytinga å betale attende høvesvis, med mindre anna vert avtalt særskilt.
Avgjerdsmynde:            Tenesteleiar/Rådmannen.
 

12. Sjukdom, svangerskap/fødsel, amming, adopsjon, omsorg, m.v.

 12.1  Permisjonar regulert i tariffavtalar og lover
 
12.1.1  Eigen sjukdom
Hovudtariffavtalen § 8.2 og Folketrygdlova §§ 8-23 og 8-27 og avtalen om eit inkluderande arbeidsliv (// NAV // Jobb og arbeidsliv // Inkluderende arbeidsliv //)


12.1.2  Born og barnepassar sin sjukdom
Hovudtariffavtalen § 8.4, Arbeidsmiljølova § 12.9 .
                       
12.1.3  Svangerskap, fødsel og adopsjon
Hovudtariffavtalen § 8.3, Arbeidsmiljølova §§ 12, 1-5 og 12.7 og Folketrygdlova kap 14.  
          
12.1.4  Far sin omsorgspermisjon
Hovudtariffavtalen § 8.3.5-6. og Folketrygdlova § 14-2
           
12.1.5  Amming
Hovudtariffavtalen § 8.3.4 og Arbeidsmiljølova § 12.8. For deltidstillsette med redusert arbeidsdag vert det føreteke forholdsmessig utrekning av løna fritid.

12.1.6  Melding
Arbeidstakar som treng permisjon etter pkt 12.1.1-12.1.6 skal gje tenesteleiar skriftleg melding i god tid på eige meldingsskjema for slike permisjonar
Avgjerdsmynde:            Tenesteleiar

12.2  Arbeidstidsordningar – tilrettelegging og redusert stilling
12.2.1   Nattarbeid
Arbeidstakar som regelmessig arbeider om natta har rett til fritak frå den arbeidstidsordning som gjeld for arbeidstakargruppa, dersom vedkommande av helsemessige, sosiale eller andre vektige velferdsgrunner har behov for det og fritaket kan gjennomførast utan vesentlig ulempe for verksemda .(Arbeidsmiljølova, 10-2 (2)
 
12.2.2   Fleksibel arbeidstid
Arbeidstakar har rett til fleksibel arbeidstid dersom dette kan gjennomførast utan vesentlig ulempe for verksemda. (Arbeidsmiljølova 10-2 (3))
 
12.2.3    Redusert arbeidstid
Arbeidstakar som har fylt 62 år eller som av helsemessige, sosiale eller andre vektige velferdsgrunnar har behov for det, har rett til å få redusert sin arbeidstid dersom arbeidstidsreduksjonen kan gjennomførast utan vesentlig ulempe for verksemda. Når avtalt periode med redusert arbeidstid er over, har arbeidstakar rett til å gå tilbake til tidligare arbeidstid. Under elles like forhold har arbeidstakar med redusert arbeidstid førerett til å auke sin arbeidstid når stilling blir ledig i verksemda, forutsatt at stillinga helt eller i det vesentlege er tillagt dei same arbeidsoppgåvene. (Arbeidsmiljølova., 10-2 (4))
 
Avgjerdsmynde:            Tenesteleiar
 
12.3.     Pleie av pårørande
Arbeidstakar som pleier nære pårørande i heimen i livets sluttfase har rett til permisjon i 20 dagar for pleie av den enkelte pårørande. (AML; 10-2 (5))
       
12.4     Sjukepermisjon utover 1 år
 
12.4.1  Sjukepermisjon utover første året
Arbeidstakar som har vore sjukmeld samanhengande i 1 år og framleis ønskjer å stå i stillinga, må melde frå om dette i dialogmøte/attføringsmøte mellom NAV/Flora kommune. Eiga prosedyre.
Melding til Tenesteleiar/Rådmannen/Attføringsutvalet
  
12.4.2  Sjukepermisjon utover andre året.
Ein gi permisjon for ytterlegare 1 år dersom det etter legen si og/ eller attføringsutvalet si vurdering er truleg at vedkomande kan bli friskmeld innan denne tid.
I spesielle tilfelle og når viktige omsyn tilseier det, kan ein ut frå ei konkret vurdering gi slik utvida permisjon sjølv om det etter legen si vurdering er lite truleg at vedkomande vil bli friskmeld.
 Avgjerdsmynde:            Rådmannen/Attføringsutvalet

12.4.3  Avslag - oppseiing
Dersom søknad om sjukepermisjon vert avslegen, er arbeidsforholdet likevel ikkje avslutta før det vert sagt opp av ein av partane.
Avgjerdsmynde:    Rådmannen

13. Velferdspermisjon

13.1     Ymse velferdsføremål
Tilsette har rett til velferdspermisjon til dei føremåla som er nemnde i punkta nedanfor.
Når viktige velferdsgrunnar ligg føre, kan ein arbeidstakar samla få inntil 12 (14) arbeidsdagar eller inntil 24 (28) arbeidsdagar med halv løn innanfor kalenderåret. Hovudtariffavtalen. 

Deltidstilsette vert innvilga løna permisjon høvesvis etter stillingsstorleik.

Ein kan innvilge fri utover 12(14) dagar som permisjon utan løn.
           
13. 2     Pleie av  sjuke foreldre 
-        inntil 2 dagar. Hovudtariffavtalen.
Avgjerdsmynde:              Tenesteleiar

13.3     Alvorleg sjukdom
Ved alvorleg sjukdom i næraste familie; (barn, ektefelle, sambuar, foreldre, søsken, besteforeldre) eller andre som står arbeidstakaren særleg nær.
-           inntil 5 dagar. 
Desse dagane kjem i tillegg til permisjonar etter pkt 12 ovanfor. 
Avgjerdsmynde:            Tenesteleiar

13.4     Dødsfall, gravferd
Ved dødsfall i næraste familie; (barn, ektefelle, sambuar, foreldre, søsken, besteforeldre) eller andre som har stått arbeidstakar særleg nær:    
-   inntil 3 dagar, eventuelt med tillegg av nødvendige reisedagar.        
Avgjerdsmynde:            Tenesteleiar
 
13.5     Tilvenning av barn i barnehage, fritidsheim, skule
  • For tilvenning av barn i barnehage/fritidsheim: inntil 2 dagar, totalt pr kalenderår uavhengig av tal barn.
  • For å følgje med barn 1. skuledag: - 1 dag.
For begge: Det er ein føresetnad at det er naudsynt å vere tilstades.
Ein kan eventuelt gi permisjon utan løn utover dette.
Avgjerdsmynde:            Tenesteleiar
 
13.6     Dåp og konfirmasjon
Ved dåp eller konfirmasjon av eige barn: dåpsdagen/konfirmasjonsdagen.          
Avgjerdsmynde:            Tenesteleiar
 
13.7     Bryllaup/partnarskap
For eige bryllaup: 1 dag (bryllaupsdagen/partnarskapsdagen)
Avgjerdsmynde:            Tenesteleiar
 
13.8     Husbygging og istandsetting av eige hus/husvære
Ved husbygging og istandsetting av eige hus/husvære, eller flytting: (ikkje ved skifte av arbeidsgjevar):  inntil 2 dagar.
Avgjerdsmynde:            Tenesteleiar          
 
13.9.    Idrettsarrangement
Ved deltaking i internasjonale idrettsarrangement, landskamp og tilsvarande: Inntil 5 dagar
Ved deltaking i NM:  - Inntil 2 dagar
- Føresetnaden er at ein ikkje får dekka tapt arbeidsforteneste.
Avgjerdsmynde:            Tenesteleiar
 
13.10    Feiring av religiøse og nasjonale høgtidsdagar
For feiring av religiøse og nasjonale høgtidsdagar som ikkje er offisielle etter norsk kalender: - inntil 2 dagar     
Avgjerdsmynde:            Tenesteleiar

13.11  Andre tvingande velferdsgrunnar
Ved andre tvingande velferdsgrunnar kan ein ut frå ei konkret vurdering gi permisjon i: - inntil 2 dagar.
Avgjerdsmynde:            Tenesteleiar 

14. Barn i grunnskolen

Foreldre som har barn i 1-3 klasse i grunnskolen kan få permisjon utan løn i inntil 1 år når tenestetilhøva tillet det. Slik permisjonen skal ein avvikle samanhengande.
Avgjerdsmynde:            Tenesteleiar

15. Besøk hos lege, tannlege/følgje andre

15.1 Søkjaren
Vanleg undersøking og behandling hos lege, tannlege, fysioterapeut og liknande, skal ein så langt det er råd søkje å leggje til fritida. 
Når det er godgjort at dette ikkje er mogleg, kan ein i kvart einskilde tilfelle gi permisjon med løn.
Ved langvarig behandling som medfører mykje fråvær bør ein syte for sjukmelding / gradert sjukmelding.

15.2 For barn /andre nære pårørande
Permisjon med løn, med fråtrekk av godtgjersle frå Folketrygda, kan imøtekomast for følgje av eigne barn på grunnskolenivå for behandling hos kjeveortoped/spesialist/sjukehus. Tilsvarande gjeld for følgje av ektefelle/sambuar til spesialist/sjukehus. 
Avgjerdsmynde:    Tenesteleiar
 

16. Permisjon til andre velferdsføremål

Ved andre permisjonsbehov enn dei som er regulert i dette reglementet, kan ein gi permisjon utan løn i inntil 1 år når det ligg føre tvingande velferdsgrunnar og omsynet til tenesta tillet det. Sjå punkt 2.3.
Avgjerdsmynde:            Tenesteleiar

17. Permisjon for utføring av tillitsverv

17.1  Offentlege tillitsverv
Med offentlege tillitsverv er meint ombod som er oppretta ved lov eller med heimel i lov og som ein ikkje kan nekte å ta imot med mindre det ligg føre særlege fritaksgrunnar (t d. medlem av kommunale og fylkeskommunale politiske organ, rettsvitne, meddommar Tingretten , Lagretten m.v.)
 
17.1.1  For å utføre offentlege tillitsverv
 som ikkje går inn under pkt 17.1.2 blir det gitt permisjon slik:

  • Inntil 10 dagar pr år med løn.
  • Fråvær på under ein dag kan ein rekne saman til heile dagar.
  • Permisjon utover 10 dagar blir gjeve utan løn.
Føresetnaden for permisjon er at ein ikkje kan utføre tillitsvervet utanom arbeidstida.
For kommunepolitikarar som er tilsett i kommunen gjeld ikkje grensa på 10 dagar.
Arbeidstakar pliktar å gje melding til tenesteleiar.
 
17.1.2  Arbeidstakar som blir utnemnd/vald til verv i regjering, stortingsrepresentant, ordførar eller anna offentlege tillitsverv på heiltid, får permisjon utan løn for valperioden/eller så lenge ein har vervet i valperioden.
 
Arbeidstakar pliktar å gje melding til tenesteleiar.
   
17.1.3  For offentleg tillitsvald på deltid vert det innvilga permisjon med høvesvis redusert løn
Arbeidstakar pliktar å gje melding til Tenesteleiar
            
17.2     Politisk arbeid - nominasjonsmøte
Vald utsending til nominasjonsmøte ved stortings-, fylkestings-, eller kommuneval blir innvilga permisjon med løn.
Arbeidstakar pliktar å gje melding til tenesteleiar
 
17.3     Tillitsverv i arbeidstakarorganisasjonane 
Permisjonar til tillitsvalde i arbeidstakarorganisasjonane (plasstillitsvalde, hovudtillitsvalde, verneombod, hovudverneombod og medlemer av partsamansette organ) blir gitt i samsvar med Hovudavtalen § 3-5.
Arbeidstakar pliktar å gje melding til tenesteleiar 

17.4     Fastløna tillitsvald/funksjonar i arbeidstakarorganisasjon
Arbeidstakar som av sin organisasjon blir vald til fastløna tillitsverv, får permisjon: - inntil 4 år utan løn. Hovudavtalen.
 
17.5     Andre tillitsverv
For utføring av andre tillitsverv kan kommunen etter konkret vurdering innvilge permisjon utan løn.
Avgjerdsmynde:            Tenesteleiar
 

18. Ymse permisjonar

 18.1     Overgang til stilling utanfor kommunen
Som hovudregel skal ein ikkje innvilge permisjon ved overgang til stilling utanfor kommunen.
 
Ein kan likevel innvilge permisjon utan løn etter ei konkret vurdering i følgjande tilfelle dersom det ikkje vil medføre vesentlege ulemper for tenesta, og når eit av desse kriterium er oppfylt:

  • Når stillinga vil gje arbeidstakaren fagleg utvikling av betydning for vedkomande sitt arbeid i kommunen, og ein kan sannsynleggjere at ho/han vil kome attende i kommunal teneste.
  • Når arbeidstakar har 10 års tenestetid eller meir i kommunen.
  • Når det ligg føre tungtvegande helsemessige, sosiale eller andre vektige velferdsgrunnar som tilseier at arbeidstakaren bør skifte arbeid for ei tid.

Avgjerdsmynde:            Tenesteleiar

18.2     Ny stilling i kommunen
 
18.2.1  Vikariat
Som hovudregel skal ein gi permisjon dersom det ikkje vil medføre problem å
skaffe vikar eller skadeverknadane for kommunen totalt ikkje vert vesentlege.
Avgjerdsmynde:            Tenesteleiar
 
18.2.2  Fast stilling
Som hovudregel skal ein ikkje gi permisjon. Ein kan likevel gi permisjon etter ei konkret vurdering der ein legg vekt på arbeidstakaren sitt behov for å skifte stilling og verknadane for kommunen. Sjå punkt 2.3.
Avgjerdsmynde:            Tenesteleiar
 
18.3     Permisjonslengd
Permisjonar etter reglane i pkt. 18 kan gjevast for inntil 1 år.
I heilt spesielle tilfelle kan ein lenge permisjonen med ytterlegare 1 år dersom det ikkje medfører problem for drifta. 
Avgjerdsmynde:            Tenesteleiar


18.5     Deltaking ved redningsaksjonar
Arbeidstakar som er knytt til hjelpekorps blir gitt permisjon med løn i samband med utrykkingar i rednings - og leiteaksjonar.
Avgjerdsmynde:            Tenesteleiar 

19. Militær og sivil tenesteplikt

Permisjon ved tvungen militærteneste er regulert i Hovudtariffavtalen § 9.  

20. Vikar

Når det er tvingande nødvendig av omsyn til tenesta, kan ein sette som vilkår for å få  permisjon at arbeidsgjevar kan skaffe kvalifisert vikar.
Slike vilkår er ikkje aktuelle ved permisjonar som er regulert av lov eller tariffavtale,  eller ved permisjon gjeven på grunn av tvingande velferds-grunnar.