hamnebasseng langt

Personal- og arbeidsreglement for Flora kommune

Vedteke i Administrasjonsutvalet, 2. juni 2009, sak 009/09

1. Omfang

 1.1  
Dette reglementet gjeld for arbeidstakarar i eit fast forpliktande arbeidstilhøve, jfr.
Hovudtariffavtalen § 1.

1.1.2 
For deltids- og bistillingar gjeld reglementet dersom anna ikkje er bestemt.
 
1.1.3 
Reglementet er frå punkt 1 til og med 15 personal- og tilsettingsreglement.
Reglementet er frå punkt 16 og utover arbeidsreglement etter§14 i Arbeidsmiljølova.
 
1.1.4 
Tillitsvalde sine generelle rettar og plikter går fram av Hovudavtalen sine bestemmelsar.
 
1.1.5 
Reglane i reglementet gjeld ikkje når dei strir mot lov, tariffavtale eller andre vedtak 
som er bindande for kommunen.
 
1.1.6 
Formannskapet kan i enkeltsak fråvike desse reglane.

2. Oppretting av stilling og endring av kvalifikasjonskrav

 2.1  
Oppretting og inndraging

2.1.1
Rådmannen opprettar og inndrar stillingar

 
2.1.2 Innanfor ramma av vedtatt budsjett eller tildeling kan vedkomande tenesteleiar opprette mellombelse stillingar for inntil 6 mnd innanfor arbiedsmiljølova sine reglar.
 
2.1.3 
Rådmannen kan opprette mellombelse stillingar innanfor arbeidsmiljølova sine reglar.
 
2.2  
Omgjering av stilling og endring av kvalifikasjonskrav

 
2.2.1
Avgjerd om omgjering av ledig stilling og endring av kvalifikasjonskrav skal 
 takast av tenesteleiar etter drøftingar med tillitsvalde. Vurderingsskjema.
 
2.2.2
 Ved usemje kan ein krevje at saka vert lagt fram for Rådmannen. I siste
 instans avgjer administrasjonsutvalet, dersom nokon av partane krev dette.  
   
2.2.3
I saker som vedkjem fleire arbeidstakarorganisasjonar, skal desse også bli tekne med 
i drøftingane.

3. Utlysing av ledig stilling m.v

 3.1   Vurdering av ledige stillingar

3.1.1
Vedkomande tenesteleiar vurderer om stillinga bør oppretthaldast, omgjerast eller
 inndragast. Vurderingsskjema.
 
3.1.2
Skal ei stilling oppretthaldast, må ein vurdere om den skal lysast ut, eller om kva 
måte tilsetting skal skje. Med unntak av tilsetting utan konkurranse, jfr pkt 3 .2, tar 
 tenesteleiar avgjerd i saka etter samråd med ein av dei tilsette sine representantar.
(t.d. berre ein søkjar/opprykk o.l.)
 
3.1.3 
Skal stillinga lysast ut, må kvalifikasjonskrav og utlysingstekst vurderast/drøftast.
 
3.2   Tilsetting utan utlysing (utan konkurranse)

3.2.1 
Dersom tenesteleiar finn ut at ein skal tilsette fast i stillinga utan konkurranse, skal saka leggast fram for/meldast 
 til Rådmannen og drøftast med hovudtillitsvald først.

3.2.2
Skal det tilsettast i stillinga utan konkurranse, er dette  samstundes vedtak om tilsetting. Protokoll.
 
3.3   Utlysing

3.3.1 
Rådmannen v/Personalsjef koordinerer all stillingsutlysing, dersom ikkje anna vert bestemt.
 
3.4   Utlysingsmåte
 
3.4.1 Ledige stillingar skal normalt lysast ut offentleg (jfr. likevel pkt 3.2.1), og med unntak av det som går fram av Hovudtariffavtalen § 2.3.1, Bruk av deltid. 
 
3.4.2
NAV skal ha melding om ledige eksternt utlyste stillingar . 
Personalsjefen har ansvaret for dette.
 
3.4.3 Tenesteleiar avgjer i kva avis, tidsskrift, magasin, nettsstader o l. utlysinga skal kunngjerast i, i tillegg til dei fast utlysingsrutinane som Personalsjefen koordinerer.
 
3.5   Utlysing - innhald
 
3.5.1
Utlysinga skal innehalde opplysningar om:
 -  Arbeidsområde og kvalifikasjonskrav.
 -  Løns- og arbeidsvilkår.
 -  Tilsetjing på kommunale vilkår
 -  At dei blir tilsette i Flora kommune si teneste med for tida arbeidsstad i teneste
-  Dersom det vert nytta henvisningsannonse i media, skal arbeidsvilkåra kome fram av annonse/kunngjeringa det  vert synt til.
-  Om offentleggjering av søkjarar, jfr. Offentleglova § 25.
                   
3.5.2
 I stillingar med leiaransvar, sjølvstendig sakshandsamaransvar samt i yrker der eit 
 av kjønna tradisjonelt er overrepresentert, skal ein ta inn formuleringa:
  " Flora kommune oppmodar spesielt høvesvis kvinner/menn til å søke leiande og
   sjølvstendige/denne type stillingar. "
 
3.5.3 Søknad skjer elektronisk, ( Her )     
 
3.5.4 
Det må kome klart fram om stillinga krev politiattest og eller helseattest av nyare dato.
 
3.5.5 
Søknadsfristen skal vere minst 2 veker frå første kunngjeringsdato.
 
3.5.6 Tenesteleiar/rådmann/stabsleiar kan bestemme at søknaden som har kome inn etter at fristen gjekk ut skal handsamast på lik line med dei andre søknadene.
 
3.6   Ny utlysing

3.6.1
Dersom det ikkje har meldt seg kvalifiserte søkjarar, kan stillinga lysast 
ut på ny. Tenesteleiar tar avgjerd om dette etter å ha orientert Rådmannen og tillitsvalde.
          
3.6.2
Søkjarane skal ha melding om ny utlysing.

4. Søkjarliste - Intervju - Innstilling og uttalerett

 4.1   Søknader – søkjarliste – avgrensa og utvida

Aktuelle søknader med CV er tilgjengeleg for sakshandsamar i elektronisk rekrutteringsbase etter kvart som søknadene kjem inn.

Når søknadsfristen er ute, skal Tenesteleiar /og eller Rådmannen/personalsjefen formidle opplysingane vidare på slik måte.

-  Avgrensa søkarliste kan formidlast til media /intranett evt. Internett. (namn, alder, bustad, yrke/yrkestittel) Offentleg.

 - Utvida søkjarliste kan formidlast til dei som skal ta avgjerd i saka , dei som har uttalerett og til søkjarane som part. (alle desse skal underteikne erklæring om teieplikt, eller som part gjerast merksam på dette) Uoffentleg.

 4.2
 Innstilling og uttalerett.

4.2.1
Søkjarlista skal sendast til tillitsvalde i vedkomande teneste.       

4.2.2 
Tenesteleiar og tillitsvald /som Rekrutteringsutval har tilsetjingsmynde, men kan la seg bistå av Rådmannen/personalsjef. 
 
4.2.3 
Tenesteleiar møter tillitsvalde frå den organisasjonen som organiserer den
 faggruppa det skal tilsetjast i , under føresetnad av at denne organisasjonen har meir
enn 3 medlemer i kommunen. Ordlyden i utlysingsteksten avgjer 
arbeidstakarorganisasjonane sine representantar. (stillingsnemning) .
 
 4.2.4 
Dersom den utlyste stillinga ikkje klart fell inn under ein av kommunen sine
arbeidstakarorganisasjonar skal Fagforbundet representere i 
tilsettingsprosessen. 
      
4.2.5
 Representasjon i Rekrutteringsutval(a)et tek i vare organisasjonane sin uttalerett i
 tilsettingssaker. 
 
4.2.6 
Tillitsvald kan krevje at ei tilsetjingssak vert lagt fram for 
administrasjonsutvalet.
 
4.2.7
Før saka vert lagt fram for administrasjonsutvalet vert saka å drøfte mellom
rådmannen og hovudtillitsvald

4.2.8
Rådmannen legg fram saker for administrasjonsutvalet.
 
4.3   Intervju
      
Ved tilsettingar i Flora kommune skal det, om det er praktisk og økonomisk forsvarleg, gjennomførast intervju med dei mest aktuelle søkjarane.

4.3.1 
Ved intervju skal dei tilsette vere representerte med 1 representant i intervjupanelet.
 
4.3.2 
Kven av dei tilsette som skal vere med i intervjuet blir avgjort av dei tilsette sine representantar.
 
4.3.3 
Tenesteleiar kallar inn til intervju og er også ansvarleg for å gjere dei andre kjende
 med tid og stad for gjennomføring av intervjuet, gje tilgang på relevante opplysningar 
Tilsetjingsprosedyre
 
4.4   Innstilling
 
4.4.1
Tenesteleiar drøftar saka med tillitsvald. Protokoll.

4.4.2
Saksutgreiinga skal innehalde tenesteleiar si grunngjeving og eventuelt andre
 innstillingar/uttalar som er gitt i saka.
 
4.4.3
Innstillinga skal berre omhandle kvalifiserte søkjarar og som hovudregel 3 søkjarar i 
prioritert rekkefølgje.

5. Overflytting til anna stilling

 5.1  
Arbeidstakarar kan overflyttast internt i kommunen, mellom tenestene etter
kommunen sitt behov, eller etter eigen søknad.

5.2  
Avgjerd om overflytting i kommunen vert å ta av Rådmannen i samråd med
 -    tenesteleiar(ar) (som saka sorterer under)
 -    hovudtillitsvald, evt. Lokal tillitsvald.
 
5.3    
For rådmannstillinga og dei som har rådmannen som næraste overordna avgjer
vedkomande tilsettingsorgan om overflytting skal finne stad.
 
5.4  
Overflytting av yrkesvalhemma.
Avgjerd om overflytting vert å ta av Rådmannen i samråd med aktuelle tenesteleiarar og hovudtillitsvalde.
Attføringsutvalet kan uttale seg.

6. Tilsettingsmynde

 6.1   Tilsetting av rådmann

       Bystyret tilset rådmann i samsvar Kommunelova § 22.
 
6.2   Tilsetting av kommunalsjefar, fag- og stabsjefar og andre som har rådmannen
       som næraste overordna.

 
6.2.1 Formannskapet tilset kommunalsjefar.
 
6.2.2 Rådmannen tilset fag- og stabsjefarog i andre stillingar som har rådmannen som
            næraste overordna.
 
6.3      Ved tilsettingar etter pkt 6.1 og 6.2 skal arbeidstakarorganisasjonane gje uttale.
 
6.4   Tilsetting i øvrige stillingar.
       Tenesteleiar har tilsetjingsmynde for stillingar unnateke dei som er nemnde i
             pkt 6.1og 6.2 ovanfor,
 
6.5. Rekrutteringsutvalet skal tre saman seinast 1 veke etter søkjartilfanget er klart, om ikkje anna vert avtalt. 
 
6.5.1 Rekrutteringsutvalet er samansett slik:
            -          Tenesteleiar, som kan la seg bistå av Rådmannen/personalsjef
            -          Ein tillitsvald, som i spesielle saker, og etter avtale med tenesteleiar kan la
                        seg med hovudtillitsvald
 
6.5.2 Dersom det er føremålsteneleg , kan partane einast om å opprette eigne Rekrutteringsutval /Tilsetjingsråd, der fleire tenester opptrer saman i utveljingsprosessen , som til dømes etter fellesutlysingar innan skule, barnehage og evt andre.
 
6.6   Møteprotokoll
 
6.6.1 Tilsetjingsprotokollar skal sendast til rådmannen v/personalsjef.
       
6.6.2
Protokoll frå møta skal også sendast aktuelle tillitsvalde.

7. Tilsettingsvilkår

 7.1   Generelle vilkår

7.1.1 Arbeidstakaren vert tilsett i Flora kommune - ikkje i den enkelte teneste, med dei løns-
            og arbeidsvilkår som til ei kvar tid går fram av lover, reglement, tariffavtalar og
           tilsettingsdokument.
 
7.1.2 Arbeidstakaren må rette seg etter endringar i ansvars- og arbeidsområde.
 
7.1.3  Arbeidstakaren vert tilsett skriftleg.
 
7.2   Prøvetid
 7.2.1 Arbeidstakaren vert tilsett med ei prøvetid på 6 månader. Tilsettingsorganet kan
            fråfalle kravet om prøvetid i særlege tilfelle.
 
7.2.2 Om ikkje anna vert bestemt, fell prøvetid bort for den som har hatt prøvetid i anna
           stilling i kommunen.
 
7.2.3 I prøvetida gjeld 14 dagar felles oppseiingsfrist.
 
7.2.4 Seinast 3 veker før prøvetida går ut skal det ligge føre ei vurdering av arbeidstakaren. Dersom denne gjev grunnlag for oppseiing, skal tenesteleiar alltid konferere med Rådmannen/personalsjef.
 
7.3   Pensjonsordning
For alle arbeidstakarar gjeld dei vedtektene som til ei kvar tid er fastsett for Kommunal
Landspensjonskasse (KLP) og Statens Pensjonskasse (STK) og eller andre Pensjonsordningar kommunen har inngått.
 
 7.4 Aldersgrenser og pensjonsalder
 7.4.1 Aldersgrenser og pensjonsalder følgjer til ei kvar tid dei reglar som er fastsette i Hovudtariffavtalen kap. 2 .
 
 7.4.2 Ein arbeidstakar har rett og plikt til å slutte i stillinga ved utgangen av den kalendermånad vedkomande når aldersgrensa.
 
7.4.3 Eventuell avtale om vidare tilsetting utover nådd aldersgrense, skal godkjennast av rådmannen, etter tilråding frå tenesteleiar.
 
 7.4.4  Dersom ein arbeidstakar ønskjer å slutte før nådd aldersgrense, pliktar vedkomande å gi melding om dette til tenesteleiar 3 månader før vedkomande ønskjer å gå av.
 
7.4.5 Inntil 6 månader før ein arbeidstakar når pensjonsalder skal vedkomande tenesteleiar skriftleg spørje vedkomande om han/ho ønskjer å slutte i stillinga si ved nådd pensjonsalder.
 
 7.4.6 Arbeidstakar som mottar førespurnad etter pkt 7.4.5 pliktar å gi skriftleg svar innan 3 månader før han når pensjonsalderen.
 
 7.4.7 Dersom arbeidstakaren ikkje held svarfristen, og tenesteleiaren har gjort vedkomande merksam på dette i skrivet, fell oppseiingsvernet i Arbeidsmiljølova § 15-7 bort.
 
7.5   Mellombels tilsetting - vikariat, engasjement o l.
       Jfr. punkt 29 om oppseiingsfristar og Arbeidsmiljølova §§ 14-9, 14-10,og 14-11.
 
 7.5.1  Arbeidsavtalar som vert inngått for eit bestemt tidsrom, skal vere skriftlege og innehalde opplysningar om arbeidet sin art og om at arbeidstilhøvet tek slutt ved den
            dato som er ført opp i arbeidsavtalen.
 
 7.5.2 Arbeidsavtalar som vert inngått for å få utført eit bestemt arbeid skal vere skriftlege og innehalde opplysningar om arbeidet sin art og omfang. Arbeidsavtalen skal også
           innehalde opplysning om at arbeidstilhøvet opphøyrer ved avtalt sluttdato eller når det bestemte arbeidet er avslutta.

8. Fråvær frå arbeidet

 8.1  
Sjukefråvær

Eitkvart fråvær på grunn av sjukdom, ulykke eller andre årsaker skal same dag eller snarast mogleg meldast til næraste overordna eller til arbeidsstaden. Fråvær som 
ikkje er dokumentert ved eigenmelding eller legeattest, gir ikkje rett til lønn under sjukdom. Prosedyre.

8.1.1
Ved tilmelding i bedriftshelseteneste utøver bedriftslegen den naudsynte kontroll med sjukdomstilhøvet. Dersom sjukdomen ikkje er til hinder for det, kan arbeidstakaren påleggast å møte for bedriftshelsetenesta til kontroll.
For ovannemnde reglar viser ein også til Hovudtariffavtalen §8.
 
8.2     
Fråvær på grunn av svangerskap, fødsel, amming og adopsjon

Fråværet skal meldast til tenesteleiar/næraste overordna, jfr. permisjonsreglementet for Flora kommune § 16.

 8.3   
Fråvær ved barn eller barnepassars sjukdom

Fråværet skal meldast som ved eigen sjukdom.
 
 8.4   
Fråvær under avtening av verneplikt

 Fråværet skal meldast skal meldast til Tenesteleiar, jfr. Hovedtariffavtalen §9.

8.5     
Fråværet sin verknad på lønsansienniteten


8.5.1.           
I lønsansienniteten vert medrekna:
 -          Permisjon med heil eller delvis løn.
 -          Sjukepermisjon etter sjukelønsordninga.
 -          Tvungen verneplikt/sivilteneste.
 -          Permisjon i samband med utøving av offentleg ombod.
 -          Permisjon for tillitsverv i arbeidstakarorganisasjonar.
 -          Permisjon utan løn i inntil 2 år.
  Fråvær av lengre periode skal vurderast av tenesteleiar i kvart enkelt tilfelle.

8.5.2. 
Permisjon utan løn skal reknast med i lønsansienniteten med i inntil 2 år. Rådmannen kan gjere unntak frå denne avgrensinga dersom den vil verke urimeleg.
Permisjon for grunnutdanning vert ikkje rekna med i ansienniteten, jfr.Permisjonsreglementet for Flora kommune § 8 .

8.6     
Registrering av fråvær

Alle kommunale tenester, verksemder, bedrifter og kontor skal fortløpande registrere av fråvær. Det er utarbeidd eigen prosedyrar for dette, der både arbeidstakar og arbeidsgjevar sine plikter går fram.

9. Permisjonar

Det vert vist til vilkår i permisjonsreglemet for Flora kommune.

10. Anna løna arbeid

Kommunal arbeidstakar kan ikkje utan løyve frå vedkommande tenesteleiar ta anna løna arbeid eller verv, eller etablere inntektsverksemd som vil vere av eit slikt omfang
at det vil gå utover vedkommande si arbeidsyting i kommunen. Det same gjeld ekstraarbeid som kan medføre ugildskap etter Forvaltningslova kap 2
        
Arbeidstakar pliktar å gje melding til vedkommande tenesteleiar dersom ein tar anna løna arbeid eller verv, eller etablerer inntektsverksemd.

11. Språk

Flora kommune nyttar nynorsk som administrasjonsspråk.

12. Retningsliner om offentlegheit

Høve til å gje opplysningar om saksdokument m.v følgjer reglane i lover og forskrifter, og er elles regulert i pressereglement for Flora kommune.

 

 

 

Punkt 16 - 31 Arbeidsreglement for Flora kommune

16. Melding om tilsetting

16.1   Tilsettingsbrev 
Tilsetting skal meldast skriftleg av tenesteleiar/ og eller personalsjef.
Meldinga gjeld som tilsettingsbrev. I meldinga skal ein mellom anna gje orientering om at tilsettinga er skjedd på dei vilkår som til ei kvar tid gjeld for
arbeidstakarar i Flora kommune, jfr pkt 10.

16.1.2 Arbeidsstad
Arbeidstakaren vert tilsett i Flora kommune med for tida arbeidsstad i vedkomande teneste.

 16.1.3 Arbeidsreglement
Ved tilsetting skal arbeidstakaren få utlevert eit eksemplar av personal- og arbeidsreglementet / ev. bli gjort kjend med aktuell nettstad.
 
16.1.4  Tidsrom
Ved tilsetting av sesonghjelp, ekstrahjelp, vikarar, engasjement o l skal meldinga dessutan innehalde opplysningar om tidsrom og sluttdato for tilsettinga, jfr pkt 10.5 , i jfr. dei krav som går fram av Arbeidsmiljølova.
 
16.1.5 Legeattest
For stillingar der det vert stilt spesielle krav til helse, skal det leggast fram tilfredsstillande legeattest.
 
16.1.6 Politiattest
 For stillingar i barnehage og skule må det før tiltreding ligge føre tilfredsstillande politiattest.
 
 16.2 Informasjon til tillitsvalde
 Tenesteleiar skal omgåande gje tillitsvalde melding om nytilsette innan sitt område.

17. Arbeids- og kviletider/Fleksitid. Overtid

17.1 Oppslag
Arbeidstakarane si arbeidstid og kviletid skal gjerast kjent ved oppslag på arbeidsplassen.

 17.2 Ordinær arbeidstid
Den ordinære arbeidstida er 37,5 timar pr veke.
For tunusarbeidande er arbeidstida 35,5 timar veke, jfr. Hovudtariffavalen sine bestemmelsar,
 
17.3 Arbeidstidsordningar og fleksibel arbeidstid
 
17.3.1 Generell fleksibel arbeidstid
 Arbeidstakar har rett til fleksibel arbeidstid dersom dette kan gjennomførast utan vesentlig ulempe for verksemda,jfr.Arbeidsmiljølova, § 10-2(3)
 
17.3.2 Fleksitid for kontortilsette
Det er vedteke eige reglement for fleksitid for kontortilsette med ei normalarbeidstid på 7,5 timar pr dag. Kjernetida er mellom 0830 -1400, då alle tilsette skal vere til stades på arbeidsplassen, og med ei ytre ramme for arbeidstida mellom kl 0600 - 2100.
 
17.4 Overtid
Pålagt arbeid utover ordinær arbeidstid for vedkomande yrkesgruppe er overtidsarbeid eller meirarbeid.
Om overtidsarbeid og meirarbeid viser ein til Hovudtariffavtalen og Arbeidsmiljølova kap 10., § 10, (1-13)

18. Ferie

18.1 
Ferien skal gjennomførast i samsvar med reglane i gjeldande ferielov og tariffavtale
Etter drøftingar med arbeidstakarane eller tillitsvalde, fastset vedkomande tenesteleia når ferien skal avviklast, innanfor rammene av ovannemnde regelverk.

19. Fråvær frå arbeidet

19.1
 Fråvær på grunn av sjukdom, ulukke eller andre årsaker skal så snart som mogleg meldast til næraste overordna. Eigen prosedyre.

 19.2  
Dersom sjukdom er grunnen til fråværet, må arbeidstakaren følgje reglane for bruk av eigenmelding i samsvar med Lov om folketrygd og tariffavtale.
Eigenmeldingsskjema skal vere tilgjengeleg på kvar teneste, avdeling og /eller institusjon, og på nett. Eigen prosedyre.

20. Utbetaling av løn

 20.1
Utbetaling av løn

Månadsløna vert utbetalt forskottsvis den 12. i kvar månad, eller næraste føregåande yrkedag.

20.1.2         
Time-, dag- og vekelønte får utbetalt løn etterskotsvis den 12. i kvar månad, eller nærast føregåande yrkedag. I særskilde høve kan det etter 14. dag betalast akonto utbetaling for medgått arbeidstid.
 
 20.2
Kontroll av lønsutbetalinga
Den enkelte arbeidstakar skal kontrollere at det er utbetalt rett løn. Eventuelle feil skal meldast til lønsavdelinga snarast mogleg etter utbetaling.
           
 20.3
 Frådrag i løna
 Det kan ikkje gjerast frådrag i løna med unntak av desse tilfella:

- Lovbestemte trekk.
- Pensjonsinnskot og avgift til Kommunal Kompetanse
- Sum som på førehand er skriftleg avtalt mellom kommunen og arbeidstakaren.
-  Erstatning for skade eller tap som arbeidstakaren med vilje eller grov aktløyse har påført kommunen.
   Vilkåret for slikt trekk er at arbeidstakaren skriftleg vedgår erstatningsansvar, eller det er fastsett ved dom, eller arbeidstakaren rettsstridig sluttar i stillinga si.
 
20.4 
Avgrensing av frådraga
 
20.4.1
Lønstrekk skal avgrensast til den delen av løna som er over det som er rimeleg å tru at arbeidstakaren treng for å forsørge seg sjølv og husstanden sin. 
 
20.4.2
Før eventuelle trekk vert gjennomført, skal det drøftast med arbeidstakaren sin tillitsvald.

21. Lønsansiennitet

Lønsansienniteten vert fastsett etter reglane i Hovudtariffavtalen § 12 og permisjonsreglementet § 5.

22. Godtgjersle for overtid

Godtgjersle for overtid vert utbetalt når overtida er pålagt, jfr Hovudtariffavtalen § 6.
Overtid vert godtgjort etter tariffreglane.

23. Godtgjersle for stedfortredarteneste og konstitusjon

Godtgjersle for stedfortredarteneste og konstitusjon følgjer Hovudtariffavtalen § 13.

24. Utbetaling etter dødsfall, erstatning ved yrkesskade - yrkessjukdom

Utbetaling etter dødsfall følgjer Hovudtariffavtalen § 10

Erstatning ved yrkesskade/yrkessjukdom følgjer Hovudtariffavtalen § 11 og Lov om yrkesskadeforsikring.

25. Forskot på løn

Arbeidsgjevar gir som hovudregel ikkje forskot på løn, men kan i heilt spesielle høve gjere unntak for dette

26. Vanleg orden

26.1 Oppmøte
Arbeidstakaren skal vere klar til å byrje arbeidet på arbeidsstaden eller mønstringsstaden når arbeidstida startar. Ingen skal forlate arbeidsstaden utan løyve.

 26.2 Rusmiddel
 Arbeidstakaren må ikkje vere påverka av alkohol eller andre rusmiddel i arbeidstida.

 Tilsette som bryt denne regelen ved å opptre rusa i tenesta skal visast bort frå arbeidsstaden.
 
  Ved 2. gangs tilfelle skal det vurderast om ein skal gi tilbod om hjelp etter kommunen sine retningsliner for misbruk av alkohol eller andre rusmiddel. Jfr. pkt.30 om avskil.
 
26.3 Røyking
Røyking på arbeidsplassen er regulert i røykelova. 
 
26.4 Tryggleik
 Arbeidstakaren må rette seg etter dei reglar og pålegg som vert gjevne for å trygge liv, helse og eigedom, og pliktar samstundes å nytte det verneutstyr som vert pålagt.
 Dersom nokon vert utsett for skade eller akutt sjukdom i arbeidstida, skal næraste overordna snarast få melding om dette.
 
26.5 Brann/sanitet
Arbeidstakaren pliktar å gjere seg kjent med eventuell branninstruks og rømmingsvegar og å vite kor næraste brannalarm, sløkkingsmiddel og førstehjelpsutstyr er plasserte. 
 
26.6 Etikk
Arbeidstakaren skal ikkje sette vilkår eller søke å oppnå personlege fordelar frå personar som arbeidstakaren på kommunen sine vegne kjem i kontakt med i samband med utøvinga av arbeidet sitt.

Sjå elles etiske retningsliner for Flora kommune.
 
26.7 Oppslag/informasjon
I den utstrekning kommunen informerer dei tilsette ved oppslag, pliktar arbeidstakaren å gjere seg kjent med desse.

27. Handsaming av kommunalt materiell

Inventar, maskiner, verktøy, utstyr, materiale m v må handsamast med varsemd.
Det  må utvisast varsemd med handsaming av eld og eldsfarlege stoff. 
Gjeldande  føreskrifter skal følgjast. Aktløyse kan medføre erstatningsplikt.

28. Teieplikt

Alle arbeidstakarar pliktar å underskrive Erklæring om teieplikt, jfr Forvaltningslova § 13. Teieplikta gjeld også etter at arbeidstakar har slutta i tenesta.

Når ei sak er undergitt teieplikt i medhald av lov, regel eller føreskrift, eller når det følgjer av saka si art, må ingen arbeidstakar omtale saka ovanfor utanforståande.
Utover dette må saka berre omtalast når det er påkravd som følgje av handsaminga.

29. Oppseiing

29.1 Mynde til å kunne seie opp

Rådmannen har mynde til å seie opp, gi avskil eller å suspendere i dei stillingar som tenesteleiar er gitt tilsetjingsmynde. 

29.2 

Rådmannen har mynde til å seie opp, gi avskil eller å suspendere i dei stillingar som tenesteleiar er gitt tilsetjingsmynde.
Tenesteleiar sin rett etter denne delegasjonen gir ikkje høve til oppseiing utan drøfting med rådmannen først. 

29.3 Avgjerd om oppseiing.

Oppseiinga skal vere skriftleg frå begge partar. Arbeidstakaren kan krevje skriftleg grunngjeving for oppseiinga.
Oppseiinga skal innehalde opplysningar om arbeidstakaren sin rett til å krevje forhandlingar og til å reise søksmål, og om fristane som gjeld. Før oppseiinga finn
stad, skal det drøftast med arbeidstakaren sin tillitsvald.
Oppseiingsfristane skal vere i samsvar med gjeldande lov og tariffavtale, jfr pkt 29.2.
 

29.4 Oppseiingsfristar

Det gjeld ein felles oppseiingsfrist på 3 månader frå og med første dag i påfølgjande månad, dersom ikkje anna er skriftleg avtalt eller fastsett i tariffavtale eller lov, jfr
Arbeidsmiljølova, § 15-3 og Hovudtariffavtalen § 3.
Følgjande gjeld spesielt:

 
29.4.1  Mellombelse arbeidsforhold

14 dagar:
-   Arbeidstakar som uttrykkeleg er inntatt med prøvetid på inntil 6 månader
-   Arbeidstakar inntatt til å utføre arbeid av forbigåande art i inntil 2 månader
-   Ved hendingar som ein ikkje kan sjå på førehand, jfr Arbeidsmiljølova § 15-3.

1 månad:
Arbeidsavtalar inngått for eit bestemt tidsrom vert avvikla ved tidsrommet sitt utløp. Arbeidsavtaler inngått for eit bestemt arbeid opphøyrer når det bestemte arbeidet er avslutta, eventuelt ved avtalt sluttdato. Ved eventuell oppseiing før utløpet av det bestemte tidsrommet, eller før det bestemte arbeidet er avslutta, gjeld 1 månads oppseiing.
 
 29.4.2     
Etter minst 10 års samanhengande tilsetting:
-   4 månader etter fylte 50 år.
-   5 månader etter fylte 55 år.
-   6 månader etter fylte 60 år.
 
 Jfr elles spesielle oppseiingsfristar som kan vere fastsette i instruksar eller tariffavtalar.

29.4.3 Skriftleg attest/tenestebevis
Arbeidstakar som sluttar etter lovleg oppseiing skal ha skriftleg attest frå kommunen.
Attesten skal innehalde opplysningar om arbeidstakaren sitt namn, fødselsdato, kva slags arbeid og om arbeidstilhøvet si lengde (frå år/dato - til år/dato).
Denne regelen avgrensar ikkje arbeidstakaren sin rett til å krevje ein meir utfyllande attest i tenesteforhold der dette er sedvane og ikkje anna er fastsett i tariffavtale.
Jfr Arbeidsmiljølova § 15-15
 
Attesten/tenestebeviset får arbeidstakar med seg siste arbeidsdag.
Ansvar:          Tenesteleiar

Dersom arbeidstakaren har hatt fleire arbeidsforhold i Flora kommune kan ein få ein samla attest/tenestebevis dersom arbeidsstakar ber om det
Ansvar:          Personalsjefen
 
29.4.4  Innskrenkingar i verksemda
Ved innskrenkingar i verksemda følgjer ein Arbeidsmiljølova § 15-7 (2).
Hovudavtalen del B § 3-1 og del C §3-2, og Hovudtariffavtalen kap 1, § 3.3.

30. Avskil og suspensjon

Flora kommune kan seie opp ein arbeidstakar med påbod om å slutte straks dersom denne har gjort seg skuldig i grovt pliktbrot eller anna misleghald av arbeidsavtalen. 

30.1  
Delegasjon av retten til å gi avskil følgjer same mønster som delegasjonen i oppseiingssaker, jfr punkt 29 ovanfor.
 
30.2 
Grunnlag for avskil
           
Avskil kan bl a gjevast når arbeidstakaren:
               
-   Utan rimeleg grunn nektar eller let vere å rette seg etter ordre frå overordna om det som gjeld arbeidet eller orden på arbeidsstaden.
-   Fleire gongar, trass i skriftleg åtvaring, let vere å møte fram til arbeidet til rett tid, eller forlet arbeidsplassen utan løyve før arbeidstida er slutt.
-   Misbruker alkohol eller andre rusmiddel i tenesta og nektar å rette seg etter kommunen sine hjelpetiltak på dette området.
-   Fleire gongar, og etter skriftleg åtvaring, forstyrrar orden på arbeidsstaden.
-   Gjer alvorlege, eller gjentatt og skriftleg påtalte regelbrot som kan medføre fare for liv og helse, eller større skadeverk av materiell, utstyr o l .
-   Gjer seg skuldig i tjuveri eller underslag av kommunen eller dei tilsette sine eigendelar.
-   Gjer andre regelbrot eller brotsverk som medfører vanleg tap av tillit, og som dermed gjer den tilsette uskikka i stillinga.
 
 30.2.1     
Førebuing av avskilssak


Ingen skal gjevast avskil utan at vedkomande først, personleg eller ved fullmektig, har fått høve til å gjere seg kjent med klagen, dei opplysingar den byggjer på og kven som har sett den fram. Vedkomande skal dessutan ha fått høve til personleg eller ved fullmektig å forklare seg skriftleg eller munnleg for dei som skal ta avgjerda.
Jfr Arbeidsmiljølova §§ 15-11 og 15-14.
 
30.2.2     
Vedtak om avskil


Vedtak om avskil av arbeidstakar skal gjerast av vedkomande tilsettingsorgan, jfr punkt 29.1og 29.2 ovanfor. Om arbeidstakaren sine rettar viser ein til 
Forvaltningslova . Det vert også vist til Arbeidsmiljølova § 15-14.
 
30.2.3     
Melding om avskil

 
Avskil skal gjevast skriftleg og overleverast personleg eller sendast rekommandert.
Meldinga skal innehalde opplysingar om arbeidstakaren sin rett til å krevje drøftingar, til å reise søksmål og om kva fristar som gjeld. Rådmannen skal gje melding til administrasjonsutvalet.
 
30.2.4     
Suspensjon
Dersom tenesta krev det, kan vedkomande tenesteleiar, etter samråd med arbeidstakaren sine tillitsvalde, fjerne ein arbeidstakar mellombels frå stillinga, når 
det er grunn til å gå ut frå at vilkåra for avskil etter Arbeidsmiljølova § 15-14 er til stades. Dersom slik grunn ikkje lenger føreligg, skal suspensjonen straks opphevast.
Ved suspensjon har arbeidstakaren krav på at denne vert grunngjeven. Avgjerda om suspensjon skal straks meldast tilsettingsorganet og vedkomande tillitsvalde.
Arbeidstakar har krav på å behalde løna inntil vedtak om avskil er fatta.
 
30.2.5     
Tiltale og straff


Dersom det er grunn til å gå ut frå at ein arbeidstakar har gjort seg skuldig i ei straffbar handling mot kommunen, skal rådmannen straks melde frå om dette til
administrasjonsutvalet, som avgjer om tilhøvet skal meldast, og om ein skal krevje tiltale.

31. Tolking av reglement

Tolking av dette reglement skal gjerast av rådmannen.
Ved usemje skal saka leggast fram for administrasjonsutvalet.