Ytteroyane

Personvernerklæring for Flora kommune

Norge fekk ny personopplysningslov 20. juli i år. Dei nye reglane seier mellom anna at offentlege verksemder har plikt til å ha eit personvernombod.

Flora kommune si nye personvernerklæring er gjeldande i tråd med føringane i personvernforordninga. På denne sida vil du finne vår generelle personvernerklæring, og andre spesielle personverneklæringar som vil kome. 

Særskilde personvernerklæringar


 

Vi nyttar også Google analytics

Flora kommune nyttar analyseverktøyet Google Analytics på sin heimeside. Den generelle informasjonen vi samlar inn vert berre nytta til statistiske målingar av interesseområda til våre brukarar. All informasjon som samlast inn vert anonymisert og kan ikkje sporast tilbake til deg. 

Kvifor gjer vi dette?

Vi samlar inn slik informasjon til forbetring av heimesida, slik at den skal opplevast meir intuitiv og strømlinjeforma. Det er viktig for oss at du finn informasjonen du treng så fort som mogleg. Ved å samle inn informasjon om korleis du nyttar heimesida hjelper oss godt på veg i vårt arbeid, og gjer din kvardag enklare på same tid.