Båtar i havnebassenget

Gjeldande planar i Flora kommune

Her vil du finne alle gjeldande planar i Flora kommune. Dette er eit pågåande prosjekt, og planane vil bli lagt ut fortløpande. Publikum kan sende oss elektroniske høyringsuttaler for planar som er under arbeid. Denne oversikta finn du i venstre marg.

Reguleringsplanar vil du finne via vår kartteneste (ikkje kompatibel med Chrome). Reguleringsplanar for nyare år (2014 - 2015) finn du her, men inntil vidare finst dei ikkje i kartet vårt. Kommunen har sendt varsel dersom ny reguleringsplan for ditt område er under arbeid / godkjent.

Andre styringsdokument

Kommuneplanen

Kommuneplanen er kommunen sitt styringsverktøy. Den består av ein samfunnsdel, ein arealdel og ein handlingsdel.

Kommuneplanen sin samfunnsdel er kommunen sitt overordna styringsverktøy, der alle overordna strategiar. Kommuneplanen sin samfunnsdel skal vedtakast og rullerast kvart 4. år. Flora Bystyre vedtok 12.desember 2013 kommuneplanens samfunnsdel for dei neste 4 åra.

Kommuneplanen sin samfunnsdel 2016-2020 (2028)

Kommuneplanens arealdel er kommunen sin overordna arealplan, som angir arealbruken i heile kommunen. Arealdelen skal bygge på føringane frå samfunnsdelen. Arealdelen har eit lengre perspektiv (minst 12 år), og skal rullerast ved behov. Flora kommune sin gjeldande arealdel er frå 2003. Prosessen med å revidere denne er difor i gang.

Kommuneplanen sin arealdel 2003-2013: plankart og tilhøyrande tekstdel.

Flora kommune sitt budsjett- og handlingsprogram blir rullert kvart år.

Kommunal planstrategi

Bystyret skal minst ein gong i kvar valperiode, og seinast innan eit år etter konstituering, utarbeide og vedta ein kommunal planstrategi. Planstrategien er et praktisk verktøy for strategiske val knytt til utviklinga av kommunen og behovet for planar framover.

Kommunal planstrategi 2016 - 2020

Kommunedelplanar

Kommunen kan vedta å detaljere kommuneplanens arealdel ved behov gjennom kommunedelplanar.

Kommunedelplan for Florelandet Brandsøy 2006-2018: plankart og tilhøyrande tekstdel.

Kommunedelplan for Florø sentrum 2012-2016: plankart og tilhøyrande tekstdel. Alle plandokument finn du på www.sentrumsplanen.no.

Kommunedelplan Stavang 2004-2016: plankart og tilhøyrande tekstdel.

Kommunedelplan Eikefjord 2014 - 2026: plankart og tilhøyrande tekstdel. Andre plandokument finn du her.

Temaplanar

Helse, sosial- og omsorgsplan 2017 - 2020

Vedlegg: Helse, sosial- og omsorgsplan 2017 - 2020

Handlingsplan mot vald i nære relasjonar 2015-2020

Kommunedelplan for idrett, friluftsliv, fysisk aktivitet og folkehelse 2011-2015

Kommunedelplan for oppvekstsektoren 2011-2020 (framside og bakside)

Kommunedelplan for universell utforming 2010-2013

Hamneplan for Flora 2006-2010

Skulehelseplan 2014

Folkehelseoversiktsdokument 2016

Trafikktryggingsplan 2013 - 2020