Ytterøyane fyr

Planarbeid for Naustholmen

kart_Naustholmen des 2017.pdf 
Forstørrelsesglass ført over kart/reguleringsplan Merknadar eller spørsmål til pågåande planarbeid kan rettast til iVest Consult as  innan 12.01.2018


I samsvar med Plan- og bygningslova, plandelen §12-8, har det vert varsla om oppstart av planarbeid etter §12-3 - privat forslag til detaljregulering for Naustholmen, der bakgrunn for planarbeidet er å kunne etablere industri/næring med tilkomst på Naustholmen, gbnr. 27/86. Tiltakshavar for planarbeidet er Fjord Base AS.

Aktuelt planområde er lokalisert nordvest for etablert industriområde på Botnaneset, og nord for regulert industri- og næringsareal i Områdereguleringsplan for Florelandet nord, næring ( Planid: 20110106). I Kommuneplanen sin arealdel for Flora Kommune 2017-2017 (vedtatt 21.03.2017), er området avsett med arealformål for framtidig næringsbebyggelse. Ny reguleringsplan er tenkt utforma i samsvar med overordna plan, med detaljeringsnivå tilsvarende som i tilgrensande Områdereguleringsplan Florelandet nord.

Då det i planprosessen er vurdert at planarbeid skal konsekvensutgreiast, vert planarbeidet no varsla på ny. På bakgrunn i dette er planarbeidet vurdert etter ny forskrift om konsekvesnutgreiing, iverksett 01.07.2017. Det vert vurdert at planen ikkje fell inn inder § 6, punkt 24 i vedlegg I, men planen kan kome inn under § 8, punkt 10 og 11 i Vedlegg II. Med grunnlag i vurdering vert konsekvensutgreiing innarbeidd i planen, men utan krav til planprogram.

Tema som konsekvensutgreiast er: Landskap og estetikk, Naturmangfald, Naturresursar, Kulturminne og Friluftsliv. I tillegg vil tema som Strandsone, sjø og vassdrag, Infrastruktur, Miljøfaglege tilhøve, bli vurdert i planprosessen, samt utarbeiding av Risiko- og sårbarheitsanalyse (ROS) med sjekkliste som følgjar planforslaget, der tema som faremoment, beredskap, klima, m.m vert vurdert.
Det er blitt utført kulturminneregistrering og registrering av biologisk mangfald i sjø og på land, i forbindelse med planarbeidet. Det er også utført risikovurdering av sediment i område som skal vurderast i forhold til vegtilkomst/utfylling i sjø. Rapportane frå registreringane vert viktig grunnlag i planprosessen.

Dokumenta ligg til offenleg gjennomsyn her og iVest Consult as sine nettsider www.ivestconsult.no
Offentlege instansar er tilskrive.

Dokument i saka:
Aktuelt planområde
Oversiktskart

Frist for eventuelle merknadar er 12.01.2018

Eventuelle marknadar sendast til:
iVest Consult as, på e-post til post@ivestconsult.no eller i post til Strandgata 15, 6900 FLORØ

Spørsmål/meir informasjon:
 iVest Consult as Mobil 976 27 000 / 957 41 102