Seglbåt med jente

Pressemelding frå Kystvegen

Bente Frøyen Steindal attvald som styreleiar i Kystvegen Ålesund - Bergen

Kystvegen logo  Organisasjonen Kystvegen Ålesund – Bergen hadde årsmøte i Florø sist fredag (17/6).
Styret blei attvald og supplert. Bente Frøyen Steindal vart attvald som styreleiar og Jan Helgøy, ordføarar i Vanylven, som nestleiar. Andre styremedlemmer er: Nils Marton Aadland, ordførar i Meland og representant frå Nordhordland, Lars Hellandsjø næringslivsleiar, Arve Helle ordførar i Fjaler, Ronny Harald Blomvik, ordførar i Sula kommune og Eivind Hjellum, Flora, som går av med pensjon og blei innvald i styret.
Flora Kommune oppmoda om å finne ei løysing for sekretariatet vidare.

 Nye medlemskommunar.
Bergen kommune har heile tida vore positiv støttespelar og har no gjort formelt vedtak om å gå inn som medlem i organisasjonen. Naustdal kommune har også meldt seg inn. Dermed omfattar organisasjonen alle kystkommunane frå og med Bergen til og med Ålesund.
 
Kystvegen på plass om 20 år!
Årsmøtet vedtok ei fråsegn der ein krev at ein kystveg av god standard mellom Ålesund og Bergen skal vere på plass innan 2030. Ved å gjere eit par mindre justeringar på E39 kan ein få felles ferjefrie fjordkryssingar både for Kystvegen og E39 over Sognefjorden i sør og over Sulafjorden i nord. Dette vil gi langt større samfunnsnytte enn å byggje eigne fjordkryssingar for kvar av desse vegane, samstundes som det vil kople E39 med dei to største industrimiljøa mellom Ålesund og Bergen, Mongstad og ytre Sunnmøre! Årsmøtet i Kystvegen krev at ei ytre fjordkryssing av Sognefjorden vert utgreidd og at E39 gjennom Sunnmøre vert lagt via Eiksundsambandet og Hareid.