Seglbåt med jente

Prosjektet Kreativt Nettverk

Flora kommune har i samarbeid med Fram Flora lansert ein ny nettportal i samband med prosjektet Kreativt Nettverk. Vi ønskjer å engasjere alle kunstnariske og kreative aktørar i Sunnfjord, og oppmodar alle interesserte til å melde seg på via påmeldingsskjemaet på den nye nettsida.

Prosjektet Kreativt Nettverk har som målsetting å stimulere til innovasjon, entreprenørskap og kreativitet i heile regionen. Vi er no inne i ein fase kor vi vil kartlegge interessa, og ikkje minst kva ønskjer de måtte ha.

Dersom dette høyrast interessant ut besøk kreativtnettverk.no!