Ytteroyane

Prosjektrådmann nye Kinn kommune

Flora og Vågsøy kommunar skal i saman byggje nye Kinn kommune. Den nye kystkommunen i Sogn og Fjordane vil få ca. 18.000 innbyggjarar og om lag 1800 tilsette. Dei to kommunane har saman utarbeidd ein intensjonsavtale som grunnlag for etableringa av den nye kommunen. Det er store ambisjonar om å skape ein sterk kystkommune og skape regional slagkraft. Kommunen med byane Florø og Måløy er særleg sterke på næringsliv både innan petroleums-, maritime- og marine næringar. 

Flora kommune.jpg Vågsøy kommune.jpg

Prosjektrådmann nye Kinn kommune

Til å leie arbeidet med å byggje nye Kinn kommune og deretter gå inn i rolla som rådmann i kommunen frå januar 2020, søker vi ein trygg, tydeleg og samlande leiar med eit sterkt samfunnsengasjement. Som prosjektrådmann vil du ha fokus på leiing, samhandling, nærdemokrati og organisasjons- og kulturbygging. Du må kunne syne til gode resultat frå toppleiing i ein større organisasjon. Vi ser gjerne også at du har erfaring frå fusjonar/samanslåing av organisasjonar.  

Hovudoppgåver:

  • Sikre gode og likeverdige tenester gitt av kompetente fagfolk, tilgjengeleg der folk bur
  • Vere ein pådrivar i den regionale samfunnsutviklinga og bidra til å posisjonere kommunen som den største mellom Bergen og Ålesund
  • Vere ein pådrivar for at nye Kinn skal vere ein føregangskommune i digitalisering og teknologibasert utvikling av tenestene med fokus på innovasjon, nyskaping og berekraft
  • Utvikle og nytte moglegheitene i eit aktivt samspel med eksterne samarbeidspartnarar
  • Bygge og utvikle ein effektiv, tverrfagleg, kompetent og nettverksbasert organisasjon med ein framtidsretta arbeidsgjevarpolitikk med fokus på trepartssamarbeid
  • Etablere gode styringssystem og planverk for budsjett, økonomi og eigarskapspolitikk

Vi vil legge stor vekt på gode kommunikasjonsevner i dialog med politikarar, tilsette, innbyggjarar, media og samarbeidspartnarar. Vi ønskjer ein motiverande leiar med evne til å skape engasjement og forplikting på mål og gjennomføring. Solid økonomiforståing, strategisk overblikk og leiarerfaring frå kompleks kunnskapsorganisasjon blir vektlagt. Du må ha god kjennskap til kommunesektoren og utprega rolleforståing og evne til samhandling med politisk leiing. Du kan vise til gode resultat i møte med aktuelle utfordringar og har eit heilskapleg og tverrsektorielt perspektiv. Du har utvist evne til å balansere god drift med implementering av omstillings- og endringsprosjekt.

Vi søker ein framtidsretta leiar som vil bidra til innovasjon og utvikling av morgondagens løysingar basert på digitalisering. Stillinga vil rapportere til Fellesnemnda fram til 01.01.2020, deretter til Kinn kommunestyre.

Søkjarar må ha høgskule-/universitetsutdanning, fortrinnsvis på masternivå og relevant leiarerfaring frå offentleg sektor, gjerne kombinert med erfaring frå andre sektorar. Vi kan tilby ei unik og krevjande leiarutfordring.

Meir informasjon

For meir informasjon om stillinga kontakt gjerne ordførar Kristin Maurstad i Vågsøy kommune, tlf. 412 34 049, ordførar Ola Teigen i Flora kommune, tlf. 975 48 023 eller vår rådgjevar Jan Tveit hjå Headvisor, tlf. 975 39 990. Fullstendig stillingsannonse også på www.headvisor.no.

Søknad/CV sendast snarast og seinast innan 16. oktober via www.headvisor.no.