hamnebasseng langt

Psykososialt kriseteam

Det psykososiale kriseteamet er ein del av beredskapen i kommunen. Oppgåva til kriseteamet er å gje rask og føremålstenleg hjelp etter at den etablerte krise- og beredskapstenesta har avklart situasjonen og meldt behov for ekstra bistand.

Kriseteamet består mellom anna av lege, prest, politi og kommunalt psykisk helseteam.

Teamet kan hente inn anna relevant kompetanse frå kommunale tenester, til dømes helsesøster. 

Hendingar som utløyser hjelp frå teamet skal vere av ekstraordinær karakter og/ eller berøre eit større tal personar, og situasjonen vert opplevd som dramatisk og kaotisk. 

Kvar kan ein vende seg for å få hjelp?

I Flora kommune er det fastlege, vakthavande lege eller rådmannen som kan rekvirere ut ressursar frå kriseteamet. 
For publikum vil det i første fase av ei krise vere naturleg å vende seg til legevakta på telefon 116 117.

Kriseteamet sin leiar er Eirik Onstad, tlf. 41 53 49 67.